Ord om språk
Hengjehovud med haleheng
Mange har røynt at «eit låkt ord vil lenge henga på». Ei rad andre saker kan òg klina seg innpå ein og festa seg. Då seier me gjerne at dei heng: Lukta heng i kleda, sjukdomen heng i lenge, kjærastane heng rundt halsen på einannan, og ungane heng i hælane på foreldra.
Ein lærdom som heng att hjå mange, er at det finst to hengjeverb. Den hengjemyra skal me ut i no. Henga er sterkt og intransitivt (tek ikkje direkte objekt): «Biletet heng på veggen.» Hengja er lint og transitivt (kan ha eit direkte objekt): «Eg hengjer biletet på veggen.» I klassisk nynorsk har det sterke verbet forma hanga i infinitiv (og presens partisipp: hangande), medan det linne verbet er skrive med j. I 2012-norma er hanga borttrengt av henga, og j-en i det linne verbet er valfri. Dimed kan båe orda ha formene henga og hengande. I bokmål er orda like bortsett frå i preteritum (hang, hengte).
Svært mange blandar saman slike parverb («eg hang nyklane der»), og svært mange hengjer seg opp i det. Om me skal tru Aasen, vart orda forbytte midt på 1800-talet òg. Ja, og i Fedraheimen står det til dømes: «Mynstermenneskja heng seg inkje i Fordomar» (9. april 1879). Er det overhengande fare for fullt samanfall? Førebels lyt me henga over boka og læra skilnaden. Det er visst betre å henga i enn å verta hengande etter, og lesaren har vel skjøna kven av dei to verba me skal henga med her?
Hengande saker er ofte feste til eit eller fleire punkt og sviv eller dinglar: Epla heng på treet, håret heng ned i augo, mangt heng i ein tynn tråd (jf. «på hengande håret»), og det er von i hengande snøre. Hengjebruer og hengjekøyer skal helst sitja fast i noko. Ordbøkene røper at mest alle kroppsdelar kan henga og slenga: Her finst hengjehovud, hengjelepper, hengjemagar, hengjepuppar, hengjepikkar, hengjerumper, hengjeskuldrer og hengjekinn. Me kan henga etter armane og stå med hengande armar. Men ordet grevinneheng vil eg gjerne ha bak hengjelås og slå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.