Ord om språk

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Publisert Sist oppdatert

Rykkja har jamt rykt framover i køen, og no er det endeleg duka for storinnrykk av forrykte ord og vendingar. Det rykkjer i målgranskefoten! Skal tru om rykkja «står rykken» (‘greier påkjenninga’) utan å få nervøse rykkingar? Me får ta det rykkevis. Eit av dei store spørsmåla er: Heng rykkja saman med ryka?

Rykkja (norr. rykkja) er eit arveord som lenge har hatt tydingane ‘riva snøgt til seg, nappa, draga, fara’. På norrønt finn me ordlag som «rykkja undan» (‘fara, kasta seg unna’) og «rykkja út kníf» (‘draga kniven’). Det nærskylde substantivet rykk (norr. rykkr) vart nytta både om handfast rykking og om tid: «í einum rykk» (‘samstundes, i eitt’).

Truleg er tydinga ‘fara’ den eldste, medan ‘riva til seg, nappa’ (t.d. «rykkja i bandet») er noko yngre. Og just tydinga ‘fara’ er sams for rykkja og det sterke verbet ryka (norr. rjúka). Sistnemnde har hovudtydinga ‘senda ut røyk’, men alt i norrønt vart det òg nytta om å ‘fara, fyka’. Me nyttar framleis ordet soleis, jamfør ordlag som «ryka i hop», «ryk og reis», «ryka over ende» og «ryka i golvet».

Det er vanskeleg å rykkja opp rykkja med rota, sidan me ikkje veit for visst kva rota er. I alle høve viser rykkja – til liks med ryka – ofte til bråe rørsler. Idrettsutøvarar kan rykkja frå konkurrentane eller stogga med ein (eller eit) rykk. Folk kan verta rykte bort i ung alder. Ordet bortrykt vert elles gjerne nytta om å vera frå seg av sterke kjensler eller «i ein tilstand då det kjennest som sjela er løyst frå verda og sameiner seg med høgre makter» (Norsk Ordbok).

Det er naturleg å rykkja til (‘fara saman’) når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk). Mangt anna kan gjeva ein rykk i oss eller få det til å rykkja av gråt i bringa: torevêr som rykkjer nærmare, ein fiendsleg hær som rykkjer fram (framrykking), brannbilar, politibilar eller sjukebilar i full utrykking. Det er elles ikkje naudsynt med utrykkingskøyretøy når ein rykkjer (offentleg) ut med ei orsaking eller liknande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement