«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Teikning: May Linn Clement
Mandel i grauten
Det er ikkje lett for Jan Ansgar å glede seg over at nokon andre vinn marsipangrisen jul etter jul, og aldri han, som fyller førti til sommaren og ikkje ein einaste gong i heile sitt liv har funne mandelen i grauten.
Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre. I dei mest aktive åra gjekk han på alle juletrefestane som var: Bygdekvinnelaget, Indremisjonen, speidaren. Han åt gjerne fleire porsjonar. Men å jukse har aldri freista. Han har alltid fylgt reglane. Aldri leita etter mandelen med skeia, men byrja ytst og jobba seg systematisk rundt og inn mot midten av skåla. Jan Ansgar har ein tendens til å ete litt fort. Det er spennande å fylgjer med på ansikta til dei andre, om det er nokon som avslører seg. Men alltid når Jan Ansgar har trykt i seg så mykje graut at han risikerer å bli liggjande, viser det seg at nokon har funne mandelen for lenge sidan, og gøymt han i det eine kinnet, utan å seie eit pip. Jan Ansgar blir forbanna. Plutseleg roper nokon: «Eg fann han», og held mandelen opp i lufta utan å vise omsyn.
I mange år fekk Jan Ansgar familien med på at folk sjølv skulle gå til gryta og ause opp graut, slik at det skulle bli likt for alle, men etter at broren fekk ungar, har ting kome ut av kontroll. No deler dei ut ferdige porsjonar, og Jan Ansgar er ikkje i tvil om at mandelen med vilje blir stukken inn i grauten til ein av ungane, for det er alltid dei som vinn. I fjor var det til og med fleire av ungane som fann mandel. At det skulle vere meir enn éin mandel å leite etter, hadde ikkje Jan Ansgar høyrt snakk om. Men ikkje eingong då vann han, berre ungane.
Jan Ansgar ringjer broren for å gje beskjed.
– Eg kjem ikkje og et graut, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.