Kunngjeringar I Frank Tønnesen
Kanskje endar det med at dei kvittar seg med sjøbua, sel ho til nokon byfolk med ræva full av pengar og altfor mykje fritid.
Teikning: May Linn Clement
Arild håpar at sjøbua blir verande i familien, og at
ingen finn på noko dumt slik at det endar med krangling. I skapet over
kjøkenbenken ligg raude og gule teposar. Han fyller vasskokaren med vatn og
slår han på. Vel ein av dei raude posane og legg han klar i koppen.
Før låg den gamle motorbåten under sjøbua, i ly for
vêret. Ved stormflod eller ekstra høg vasstand måtte han flyttast ut. Arild hugsar
ikkje kven som hadde ansvaret, og same kan det vere, men ein haust var det ingen
som passa på; då havet steig, blei båten
pressa opp mot golvet i bua, han byrja å ta inn vatn og sokk til botnen.
Der
blei han liggjande i fleire månader før nokon heiste han opp på kaia. Ingen av
ungane såg seg syn med å ta vare på båten, motoren forsvann til eit museum, resten blei brend på jonsokbålet i enden av parkeringsplassen
same året. Arild orka ikkje vere med på feiringa, slik tradisjonen var, men han kjende lukta.
Sjøbua var iskald, men no brenn det godt i omnen, det
byrjar å komme seg. Arild sit i skinnstolen og følgjer med på flammane. Skulle
det gå folk forbi på vegen, vil dei sjå
lys i vindauga og røyk frå pipa. Etter kvart blir det så varmt at Arild må hive av seg genseren.
Det er ingen som bur på denne staden lenger, men om
sommaren yrer det av liv i alle husa nesten kvar helg. Iallfall når det er
godt vêr. No er det roleg, og smålomen ligg i fred og leiter etter mat der
bekken renn ut i fjorden. Arild ser at han dykkar og forsvinn i djupet. Av og
til blir han borte så lenge at ein kan byrje å lure på kva som hender nede i
det kalde vatnet, men så bryt han vasskorpa lenger ute i vika og nærmast lèt
som ingenting.
Arild har med klesskift, eit par bøker, toalettsaker og
litt mat. Han kjenner at det er like greitt å vere her åleine, utan alle dei
andre folka. Planen er å kople ut det vanlege og tenkje på andre
ting. Men kva alle desse andre tinga er, og kva dei skal gjere så godt for, veit
han ikkje sikkert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.