Frå ei anna verd
Kleskode
Utan sløyfe vart seksten år gamle Nicolai Heiberg-Evenstad nummer to i Lederer Trophy i lag med Thor Erik Hoftaniska. Premien var sjampanje.
Foto: Peter Hasenson
Den eine gongen eg har spela Lederer, fekk eg høyre at eg måtte ha sløyfe. Eg hadde ikkje tenkt på å ta med dressen til det nye bridgelivet mitt i England, og måtte difor ut på leigemarknaden. Eg var nok for gjerrig med centimetrane då eg melde inn halsomkrinsen, tenkte kanskje at det ville spara meg for nokre pund, og fekk utlevert ei særs trong sløyfe.
Lederer er den mest glamorøse tevlinga i England; berre ti spesielt inviterte lag får vera med. Tevlinga har vorte spela årleg sidan 1945 til minne om Richard Lederer, ein sentral figur i den ein gong sentrale europeiske bridgenasjonen England. Det seinaste tiåret har spelestaden vore The Royal Automobile Club, som byrja som ein bilklubb, men i dag er ein slags losje for visse høgverdige samfunnsborgarar.
Til dei fasjonable lokala på Pall Mall i Westminster kan ein sjølvsagt ikkje koma i joggeskor og flanellskjorte. Men eg burde likevel ha lukta lunta: Mellom notorisk rufsete bridgespelarar var sløyfa mi overdriven. Eg sat der som den mest stivpynta spelaren i heile lokalet – og den med størst pustevanskar. Bridgen gjekk dårleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.