Frå matfatet

Kua og konspirasjonsteoriane

Få klimadebattar har spora av så hardt som den om metanutslepp frå kyr.

Alle vil ha mat, og ingen vil ha klimaendringar. Korleis sameinar ein dei to utan at internettet går av skaftet?
Alle vil ha mat, og ingen vil ha klimaendringar. Korleis sameinar ein dei to utan at internettet går av skaftet? Alle vil ha mat, og ingen vil ha klimaendringar. Korleis sameinar ein dei to utan at internettet går av skaftet?
Publisert

Er dette den raraste måten eit nytt år i livet til spalta «Frå matfatet» kunne byrje på? Det får i så fall vere. For dette er ingenting samanlikna med den rare debatten om mjølkeproduksjon frå ku dei siste månadene. Klimaskeptikarar, vaksinemotstandarar, dyrevernarar og helsefanatikarar med både falske profilar på sosiale medium og falske motiv er berre noko av det mjølkeprodusentar må ha med å gjere for tida. Ja, det kan nærast verke som alle vonde krefter, i alle fall på internettet, har samla seg om å angripe kua og mjølkenæringa.

I byrjinga av desember melde Q-meieriet at dei trekker mjølka Klimamelk frå butikken. Med det avsluttar Q prøveprosjektet med fôring av kyr med metanhemmaren Bovaer. Bovaer er eit fôrtilsetjingsstoff som hindrar at hydrogen i vomma til drøvtyggarar vert til klimagassen metan.

Tine har tidlegare trekt tilbake si «klimamjølk» på kartong frå butikkane, men held fram med prøveprosjektet med metanhemmarar. Dette har sett sinn i kok og fått mang ein mjølkedrikkar til å heise boikottflagget: For mange er det heilt krise at mjølka dei kjøper, kan kome frå kyr som har fått nokre få gram Bovaer i fôrrasjonen sin. Nettstader som Document og Steigan står fremst i kritikkøen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement