Laukringar
Noko har endå mindre kjerne enn lauk.
Ta din ring og et han – om han inneheld lauk, kan du til og med kalle han ein laukring.
Foto: Jonathunder / Wikimedia Commons
«Crispy Onion Rings leverer det vi lover.» Det hevdar Maarud på posen som er ein del av Food Truck-serien deira. Saman med Honey Glazed BBQ og Southern tasty Spareribs er dei resultatet av at verksemda har late seg «inspirere av at mange tilbyr spennende mat fra små lastebiler på gata».
No treng ein sjølvsagt ikkje oppsøke små lastebilar for å finne laukringar. Ein treng ikkje reise lenger enn til næraste Burger King. Det er likevel ein skilnad på dei og dei ein finn i posen til Maarud: Burger Kings laukringar inneheld lauk. Maaruds er laga med ei krydderblanding som inneheld laukpulver.
Burde eg forventa å finne lauk i laukringane? Eg forventar ikkje å finne svineribbe i posen med namnet Spareribs. Men det heng saman med at posen er dekorert med eit bilete av potetchips. Det står temmeleg tydeleg for meg at her er det ein smak eg får – ikkje eit innhald. I posen med laukringar er ikkje det like tydeleg: Biletet syner rett og slett laukringar.
kulturhistorie
Laukringar vert laga ved at ringer av lauk vert dyppa i frityrrøre og fritert. Lauken vert søt og mjuk, men har framleis noko av den karakteristiske, skarpe smaken. Frityrrøra har vorte sprø og salt, og det heile er feitt og herleg.
Oppskrifta på denne komfortmaten vart fyrste gong registrert i New York Times Magazine i 1933. Retten har vore på hurtigmatmenyar sidan sekstitalet, og i 2016 hevda Washington Post at frityrfesten er like erkeamerikansk som french fries. Vi snakkar altså om amerikansk kulturhistorie her. Eg ville ikkje vorte overraska om nokon hadde klart å putte ekte laukringar i posar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.