Ord om språk

Lettvinne nyvinningar

Grunnen til at vinna står sterkt, er neppe at det har eit meir vinnande vesen enn andre ord.

Vanskar er til for å overvinnast, vert det sagt. Om Karsten Warholm kjem med slike fyndord er ikkje sikkert, men ein vinnartype er han iallfall. Under EM i friidrett i Roma kunne han feire gull på 400 meter hekk.
Vanskar er til for å overvinnast, vert det sagt. Om Karsten Warholm kjem med slike fyndord er ikkje sikkert, men ein vinnartype er han iallfall. Under EM i friidrett i Roma kunne han feire gull på 400 meter hekk.
Publisert

Vanskar er til for å overvinnast, vert det sagt, og det er ikkje berre utprega vinnartypar som kjem dragsande med fyndord av det slaget. Visst er det mykje å vinna ved å møta problema i staden for å vika unna. Men me veit òg at nokre vanskar er uovervinnelege, endå me tek i alt me vinn.

Grunnen til at vinna (eng. win, ty. gewinnen ofl.) står sterkt, er neppe at det har eit meir vinnande vesen enn andre ord. Ofte veit me ikkje kvifor nokre ord vinn terreng og andre ikkje. Derimot veit me at vinna er gamalt, og ein teori som har vunne stor tilslutnad, er at ordet kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘streva for; råda med’. Vinst og gevinst kjem frå (låg)tysk, men er i ætt med vårt vinna.

Alt i norrønt var vinna eit kjært ord med mange tydingar, som ‘arbeida, streva’ (vinna í skógi ‘arbeida i skogen’), ‘gjera’ (vinna verk sín ‘gjera arbeidet sitt’), ‘få i si makt’ (vinna land), ‘sigra’ (vinna orrustu ‘vinna slag’) og ‘rekka, nå’ (vinna til himins ‘nå til himmels’). På norrønt er ein vinnari ‘ein som gjer noko’. Ein vinnulítill person er ein ‘som gjer lite arbeid, er lat’.

Hokjønnsordet vinne (norr. vinna ‘arbeid, gjerning’) svingar seg lite på norsk, men det kan fint nyttast om ‘onn’ («dei er i gang med vårvinna») og ‘arbeid’ («det var ei heil vinne», d.e. mykje arbeid). Adverbet vinneimellom viser til tida mellom to store onner i jordbruket (jf. onnimellom). På Island er vinna det vanlege ordet for ‘arbeid, jobb’ (hún er í vinnunni ‘ho er på jobb’).

Ei rad samansetjingar og ordlag har med vinning i tydinga ‘arbeid, gjerning’ å gjera. Me kan leggja vinn på noko (‘leggja arbeid på, gjera seg føre med’) og meina at eitkvart er tungvint, lettvint, vinneleg (‘overkomeleg, makeleg, praktisk’) eller uvinneleg (‘utakande, uoverkomeleg, uoppnåeleg’).

Stundom tek me ein snarveg for å vinna tid, men no har me dvalt so lenge ved nokre av vinna-tydingane at me snautt vinn innom resten. Me kan likevel slå fast at ein vinn-vinn-situasjon er betre enn at vinninga går opp i spinninga, og at mange av dei som driv med oljeutvinning, tenkjer mest på eiga vinning. Attvinning er mindre kontroversielt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement