Ord om språk
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Teikning: May Linn Clement
Å kvessa blyanten er noko denne spaltisten driv mykje med, for alle stubbane vert kladda for hand. Den som brukar blyant, røyner jamt at det er sant som ordtaka seier: «Altfor kvass vert snarast ukvass.» «Altfor kvast vert alltid til last.» Den sylkvasse blyantspissen knekk lett, og so må ein radt fram med kvessaren att.
Når me brukar kvass om ein blyant, målber me at han er fælt tynn ytst i enden. Ei rad andre saker kan vera kvasse på den måten: Me har kvasse nåler, oddar og spikrar. Andre gonger brukar me kvass om reiskapar med skarp egg: ein kvass kniv, ei kvass øks. Mange har hatt både ei kvassøks og ei brotøks (òg kalla brytøks, brothogg). Sistnemnde er ei slø øks til hogging av slikt som lett skjemmer ei kvass egg.
Kvass (norr. hvass) er eit nedervt adjektiv som i tillegg til ‘spiss’ og ‘skarp’ har tydingar som ‘hard, strid; streng; gløgg, dugande; ofseleg, snøgg, brå’ (t.d. «køyra kvast»). Ordet skal vera runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera skarp, spiss’, og det heng mellom anna i hop med latin acus (‘nål’, jf. akupunktur ‘nålestikking’).
Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to. Det er tolleg vanleg å bruka forma hvass i dei biletlege tydingane ‘gløgg, dugande’ («eleven er hvass i regning», «være et strå hvassere», d.e. ‘hårfint betre’) og forma kvass elles («kniven er kvass»). Mange gjer det same når dei talar, utan at dei dimed har ei kvass tunge.
Me veit at det er vondt å koma borti det som er kvast: Det stikk og bit. Soleis er det med tale og augnelag òg. Det er ikkje noko moro når folk ser kvast på oss, er kvasse i målet, gjev eit kvast svar eller kvesser i. Då kan det kvessa seg til (endå meir). I slike tilkvesste situasjonar gjeld det å få inn kvasstenkte folk som kan gjera noko med dei kvasse motsetnadene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.