Nasjonalretten
Få stadar er vi nordmenn så lite oppfinnsame som i nasjonalrettkåringar.
Fårikål er kåra til Noregs nasjonalrett – igjen.
Foto: Wikimedia Commons
Før jul lét Nationen lesarane sine kåre Noregs nasjonalrett. Eller ein jury hadde valt ut ti, og så fekk lesarane velje mellom dei. På lista var bacalao, rakesild/rakaure, brennsnut/sodd, pizza, taco, lettsalta torsk, rømmegraut, svineribbe, pinnekjøt – og fårikål.
Fleire av jurymedlemmane ynskte seg eigentleg ikkje fårikål på lista – for kor ofte et vi eigentleg kokt sauekjøt med hovudkål og heil pepar? Men sidan retten har vunne slike nasjonalmatkåringar i eitt bankande køyr sidan 1972, var han rett og slett umogleg å kome unna.
Og sjølvsagt vann han. 2588 nordmenn var innom nationen.no og røysta på nett fårikålen, og det var 46,84 prosent av dei som røysta i det heile. På andre og tredje plass kom svineribba og pinnekjøtet, fyrste fiskerett var lettsalta torsk på femteplass, medan berre 120 lesarar røysta på bacalao, som dermed kapra jumboplassen.
Kåringa er problematisk på mange måtar. Sjølv Nationen har stilt spørsmål ved ho. For kva er eigentleg ein nasjonalrett? Korleis samlar ein seg kring ein rett i eit langstrekt og matspreidd land? Sjølv ville eg hevde at raspeballen har ein meir naturleg plass på lista enn fårikålen. Medan fårikål har ein dag i året, har raspeballen ein dag i veka langs store delar av kysten. Men er det då raspeballen utan flesk i midten, men med kålrabistappe og bacon og pølse og salt sauekjøt som skal kårast, eller den trønderske ballen med fleskedott, brunostsaus og kålrot kokt i skiver? Sidan det no er éin rett vi skal kåre, altså?
Og er nasjonalretten festmåltid eller kvardagskost? Mykje kan seiast om å ha pizza og taco på lista, men dei konkurrerer ved alle høve ikkje i same festkategori som ribbe og rømmegraut, måltida som prydar dei store festdagane julaftan og 17. mai.
Kaklande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.