Frå matfatet
Olivenolje
Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.
Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.
Foto: Pxhere.com
Skal du ete heilnorsk i vinter? Det er fleire grunnar til at eg ikkje kjenner meg tøff nok til å hive meg på den heiderlege trenden med det fyrste. Viktigast er sjølvsagt kaffi. Men sitron òg – eg elskar både skal, saft og fruktkjøt. Sjokolade og sukker er tøffe offer – men kanskje, likevel, er det feittet som gjer det heile umogleg. For sjølv om eg elskar norsk smør, kan det verken samanliknast med eller erstattast av ein god olivenolje.
At olivenolje er kongen av matfeitt, er det liten tvil om – sjølv om det vert produsert meir enn ti gonger så mykje raps- som olivenolje i verda i løpet av eit år – eller kanskje nettopp difor. Olivenolje har i stor grad halde på identiteten sin som eit kvalitetsprodukt med terroir og regional identitet.
«'Extra virgin', desse små orda inneheld mykje meir enn berre feinschmekkeri.»
Ja, så vane har vi vorte med at det står «spansk», «italiensk», «gresk» og/eller «extra virgin» på olivenoljeflaska, at vi ikkje tenkjer over at det svært sjeldan står noko liknande på flaskene med rapsolje eller solsikkeolje, sjølv om det sikkert også her, på eit tidspunkt i prosessen, fanst smaksskilnader som kunne vore selde til ein kunde om marknaden for slikt eksisterte.
Den marknaden finst ikkje for raps- og solsikkeolje. Men marknaden for smaksrik olivenolje, han finst faktisk. Her er mangfaldet så stort at det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal velje. Er olivenoljen til 400 kroner literen dobbelt så god som oljen til 200 kroner literen? Det er nærast umogleg å vite før ein har smakt. Syn meg den kjededaglegvarebutikken som lèt kundane smake på olivenoljen sin før dei kjøper han, og eg skal garantere den kjøpmannen eit dobbeltsidig portrettintervju her i avisa.
Med korken på
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.