Frå matfatet

Om kosthaldsråda alt synest utdaterte, kan det ha si årsak.

Sunn frukost, ja vel, men kva med det kvite brødet og den magre salamien? Semje om kosthald er sjeldan.
Sunn frukost, ja vel, men kva med det kvite brødet og den magre salamien? Semje om kosthald er sjeldan.
Publisert Sist oppdatert

Så kom dei endeleg, kosthaldsråda. Som trass i at dei er nettopp det, råd, og ikkje verken lover, forskrifter, påbod eller forbod, gjennom merksemd har fått både makt og tyngde.

I det minste heilt til dei var der. Ikkje eingong landbruks- og matministeren gav dei meir respekt enn at han på Facebook poserer ved ein overfylt kjøtdisk med teksten «frokost på vei til Arendalsveka» – ein veg han tok for å legge fram råd om å ikkje ete meir enn 350 gram raudt kjøt i veka. Dei varsla berekraftsråda som kunne hatt endå sterkare ord om kjøtinntak, var fordampa.

Dermed er det fort gjort å tenke at det er ei viss politisk styring med kva som vert sett på som sunn og miljøvenleg mat. Om vi skal forstå kvifor kosthaldsråda er som dei er, er det likevel viktigare å forstå kva dei er: ei oppsummering av funn frå vitskaplege undersøkingar.

Vitskapleg tregleik

Vitskaplege undersøkingar som metode er ikkje noko vi vanlegvis set spørsmålsteikn ved. Heller ikkje her – vitskapleg metode er det beste verktøyet vi har for å finne objektive svar. Men det inneber ikkje at metoden er perfekt. Når det gjeld å finne ut kva mat som er sunn, og kva mat som er helseskadeleg, har han iallfall avgrensingar.

Metoden er skikkeleg god på å måle éin spesiell faktor – men kan verte forvirra om denne faktoren vert påverka av for mange kjelder. Om ein til dømes prøver å måle i kva grad røykt kjøt fører til auka førekomst av kreft i tjukktarmen, vil ein helst unngå at andre faktorar som kan føre til tjukktarmskreft, er med og pregar forsøkspersonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement