Frå sjakkverda

Oppassaren i Lviv

Sovjetmeister i sjakk Leonid Stein var ikkje noko skuleljos.
Sovjetmeister i sjakk Leonid Stein var ikkje noko skuleljos.
Publisert

Eg må skriva nokre spalter om ukrainaren Leonid Stein (1934–1973). I 1963 vann han for fyrste gong sovjetmeisterskapen (føre Spasskij), den sterkaste turneringa i verda. Gjennom den stutte karrieren vart han kjend mellom anna for positiv score mot Tal, 3–0.

Stein kom frå Vest-Ukraina og budde etter kvart i den ukrainskspråklege byen Lviv. Av di han var i sjakkeliten og reiste mykje rundt, var hovudspråket hans likevel russisk. Etter triumfen i 1963 vart dei lokale styresmaktene merksame på sjakkgeniet i byen.

Stein vart teken imot av ein høgtståande partifunksjonær. Fyrstesekretæren spurde om Stein kunne tenkja seg å studera. Tja, kvifor ikkje, tenkte Stein, som rett nok ikkje hadde vore noko skule­ljos i ungdomen. Kort tid seinare vart han teken inn på universitetet i Lviv.

Omtanken frå pampane kom uventa, av di jødar på den tida hadde store problem med å få tilgang til dei beste universiteta.

Stein fekk til og med ein eigen oppassar som skulle syta for at han stod til eksamen. Stein fortalde seinare fylgjande historie frå munnleg eksamen til sjakklitteraten Semjon Zunik (ei historie forfattaren frå Moskva delte på Internett i 2007).

«Og så skulle eg opp i historie», fortalde Stein. «Kunnskapane mine var vel litt blanda. Eg kunne få ein femmar (beste karakter), men dei kunne òg fint gje meg ein toar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement