Ord om språk
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Teikning: May Linn Clement
I dag skal me bretta opp ermane og bretta ut privatlivet til bretta. Dei som ikkje er huga på det, kan blada vidare eller rett og slett bretta saman avisa. Me andre skal halda oss rake og bratte i ryggen og ta oss fram mellom hengjebratte bjørkelier, hoggbratte bakkar og stupbratte fjellvegger, for soga om bretta byrjar sjølvsagt med bratt.
Bratt (norr. brattr) viser til noko som hallar mykje. Den germanske grunnforma var truleg noko slikt som branta. Forma brant har vore nytta i eldre dansk og i nokre danske målføre, men me møter henne framfor alt i svensk. I andre mål har nt vorte ein rein t-ljod, jamfør islandsk og færøysk brattur, dansk brat og vårt bratt (som òg finst i svenske målføre).
Kva som var grunntydinga til bratt, er uvisst. Ordet har vore kopla til same rota som brenna. Kan henda har tydinga endra seg frå ‘brennheit’ til ‘sterk, kraftig’ til ‘stigande, ruvande, høgreist’ og liknande. Av bratt kjem hokjønnsorda bratte (‘bratt bakke, fjellside, lende’) og brette (‘bøyg på mei eller ski’) og ikkje minst verbet bretta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.