Oppdrettslaks
Lat oss i det minste ta oss råd til å filetere luksuslaksen vår sjølv.
Fire av fem oppdrettslaksar blir eksporterte uforedla. Er det greitt? Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix
Noreg eksporterte 1,2 millionar tonn oppdrettslaks i fjor, ifylgje Statistisk sentralbyrå. Skal tru kva land som kjøpte mest? Var det fiskegalne Japan, det enorme Kina, det kulinariske Frankrike eller innlandet Tyskland?
Svaret er ingen av dei: Den største importøren av norsk laks i 2019 var Polen. Ikkje fordi polakkar et så mykje laks, så klart, sjølv om den polske økonomien er i vekst, er nok luksuslaksen altfor dyr for den jamne polakk, men fordi fire av fem oppdrettslaksar forlèt Noreg uforedla.
Kvifor? Fordi Polen er med i EU og Noreg ikkje er det. Polen kan difor selje ferdigforedla laks vidare til andre EU-land utan toll, medan Noreg må betale.
Ja, det er sure pengar. Men vil det seie at vi skal gje opp? Berre akseptere at ved neste korsveg har talet på uforedla eksportlaks stige til ni av ti – og så nitten av tjue – og så bortetter? Eller skal vi stille nokre spørsmål ved det heile?
Kven taper mest?
Her er eit døme på eit slikt spørsmål: Kven er det som taper pengar på råvareeksporten? Er det eksportselskapa sjølve? Ja, dei taper nok – men dei går visst godt likevel: Lakseprisane aukar for tida, og resultatet til oppdrettsselskapet Salma var ein kvart milliard betre i fyrste kvartal i år enn på same tid i fjor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.