JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Bergfast søppelberg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20221216
2369
20221216

Hardt mot hardt, sa kjerringa, ho datt i berget. Kva for eit berg ho datt i, er uvisst. Her finst til dømes koparberg, gråberg, flisberg (‘bergslag som lett klovnar’) og ròteberg (‘berg som er lett å smuldra eller kløyva i heller’). Beint fram mjuke er ingen av dei, so me kan trygt seia at det er leitt å detta i berget eller køyra i bergveggen. Glatte svaberg eller bergsva er òg leie. Sidan sva tyder ‘glatt stad’, er vendinga «glatt svaberg» strengt teke smør på flesk.

Smør, flesk og andre saker kan òg verta kalla berg, dersom ei stor mengd er samla på éin stad: smørberg, kjøtberg, fleskeberg, søppelberg, sildeberg (stor sildestim). Dei som vel å nytta det andre og tredje ordet om folk, kan dra til Blokksberg. Kva med ordet uførberg? Er det òg ei nedsetjande personnemning? Nei, her er det tale om eit berg som er uført i tydinga ‘ufarande, fælt ulendt’.

Fyrst og fremst nyttar me berg i tydingane ‘(lite) fjell, høgd’ og ‘fjellgrunn’, og det er den fyrste av desse tydingane som er den eldste. Ordet kjem etter alt å døma av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘heva’ (jf. t.d. tysk Berg ‘høgd, fjell; ås; stor mengd’ og engelsk barrow ‘gravhaug’). Orda bergverk og berg-og-dal-bane har me frå tysk. Den yngre tydinga ‘fjellgrunn, samanhengande steinmasse’ står sterkt i nordiske mål, og det har nok med naturtilhøva å gjera. «Her på berget», seier me. Hjernen bak ordlaget heiter sjølvsagt Ludvig Holberg (jf. Erasmus Montanus).

Mange av oss som bur her mellom bakkar og berg utmed havet, har eit etternamn som kjem av eit stadnamn som har berg i seg. Attåt Berg har me til dømes Berge, Berger, Bergan og samansetjingar som Bergseng, Nordberg og Søberg (- tyder stundom ‘sør’, men ikkje støtt). Me skal heller ikkje gløyma Bergen eller Bjørgvin: ‘(beite)enga mellom fjella’. Under eit berg i Elverum vart det rydda ein bustad som fekk namnet undir Bergi på gamalnorsk, som seinare vart Berge, og so fekk berget (nytt) namn etter garden: Bergeberget.

Det er ikkje mange i dag som trur bergfast på bergkongar og andre bergtussar, men bergtekne vert me framleis. Det berget som truleg har fascinert flest, er venusberget. Eit mindre majestetisk namn på same kroppsdel, kjent frå ulike delar av landet, er musebakke. Det læt meir som ein liten bergknatt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis