Ord om språk
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Teikning: May Linn Clement
Å vera i joleselskap med folk som manglar folkeskikk, kan vera ei hard røyning. Vonleg er gjestebodet i eit hus der det ikkje manglar på mat eller drykk, so ein har noko å trøysta seg med. I mangel av noko betre å gjera kan ein fingranska festlyden. Då kan det henda at ein i hopen av mangelfullt oppseda folk finn nokon som veit å te seg fint.
Til vanleg er orda mangel og mangla mangelvare i denne spalta. Dei høyrer til den flokken med tyskætta ord som Aasen frårådde, sidan dei har det med å trengja bort andre ord (som han heldt for å vera betre). Det manglar ikkje på avløysarar til mangel: Me har til dømes beit («i beit»), brest, glepp, knipe, opprådd, lyte, naud, skort og -løyse (t.d. blodløyse for blodmangel).
I Norsk Ordbog skriv Aasen at ordet tryta (eldre trjota, ‘ta slutt, gå tom for; vera eller ha for lite’, nærskyldt trøytt) er «temmelig almindeligt». Det same skriv han om vanta (‘ikkje finnast eller vera for handa; vera borte; vera gale med; sakna’). Ingen av dei er vel alminnelege no. Skal me skulda på mangla?
Kan henda er det nokre som no kjenner at tolmodet tryt. Det tryt ikkje vanskar her i verda, og so skal me sitja og kivast om ord? Kva med alle som er råka av matmangel, vassmangel, husmangel, pengemangel og andre former for ressursmangel? Mangelsjukdomar er heller ikkje til å spøkja med.
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord. Og jamvel dei av oss som tykkjer at mangel og mangla har visse feil og manglar, lyt vedgå at soga deira er spanande. For kvar kjem dei frå?
Frå tysk mangeln går spora attende til italiensk mancare og manco (‘mangel’), som har gjeve oss lånordet manko (‘vantande mengd eller sum; underskot’). Hit høyrer òg orda mankera (‘skorta; feila’, «det mankerer femti kroner») og mankement (‘skort’, «her er ikkje mankement på nokon ting»), som har vore innom fransk på turen hit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.