Gnikar med gnagsår
Når kleda og skorne gneg, smågnagarane har kome seg inn i huset, og det er mas og gnag på alle sider, kan me trygt slå fast at det er noko som gneg oss. Venegnag toler me tolleg godt: Det er godmodig kiv mellom vener. Verre er det når svolten eller uvissa gneg, eller ei gnagande uro kjem over oss og ikkje slepper taket.
Gnaga (norr. gnaga) er eit ljodhermande ord. Både i norrønt og i dei norske målføra har bøyinga ymsa: Nokre stader har ordet sterk bøying (gneg – gnog – gnege), andre stader er det a-verb (gnagar – gnaga – gnaga). Det er ikkje heilt uvanleg å ha båe bøyingane i målet sitt og hoppa mellom dei. Dessutan ymsar framljoden. Attåt gnaga finst formene naga og knaga. Verbet naga (‘plaga psykisk’, t.d. «nagande tvil») kjem truleg frå tysk, men det er i ætt med gnaga.
Å gnaga er fyrst og fremst å bruka tennene på noko og skava bitar av det. Me kan gnaga kjøt av eit bein, og sauene kan snaugnaga marka. Men me brukar òg gnaga om noko som skubbar og mestsom et på huda. Gnagsår har me alle hatt, anten på hælane, hendene eller andre stader.
Me kan endåtil ha gnagsår i øyro, for me brukar ofte gnaga i biletleg tyding om masing: «Dei gneg på det same heile tida.» Eller ta dømet til Ivar Aasen i Norsk Ordbog: «Han gjekk her og gnog so lenge, at han laut faa det.» Jamvel seigt slit vert skildra som gnaging: «Dei driv og gneg med det enno.»
Og når ein tenkjer etter: Er det ikkje fælt mange ord for skubbing, skaving og mas som byrjar på gn-? Jau, det er mest so ein må gni seg i augo. Her er gni (el. gnida), gnika, gnissa, gnu, gnukka, gnura og gnåla. Me ser lett samanhengen mellom den gnikande gn-ljoden og det ordet viser til. Me lyt òg nemna gnisa, endå formene knisa og fnisa er vanlegare, og gnirka, endå knirka er bruka mest. Litt lenger ned i den ljodhermande gata finn me ord som knasa, knaska og knusa.
Ein gnikar eller gniar er ein som gnir på skillingen. Mange gnikarar gnir seg i hendene òg, heilt utan samvitsgnag. Om me vil skildra dei med eit adjektiv, kan me seia at dei er gnikne, gniksame eller gnitne. Det er elles noko litt uvyrde over det å gnika og gnu. Når me seier at nokon gnikar eller gnukkar på fela, er det ikkje rosande meint. Og om me skal gni det inn: Å sitja heime og gnura læt vel ikkje nett morosamt?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.