Ord om språk
I flokk og fylgje
Me er flokkdyr, men flokkinstinktet er ikkje like sterkt hjå alle. Nokre fylgjer flokken støtt, andre kan finna på å tala flokkleiaren midt imot. Det er ikkje gjeve at dei då vert utstøytte av flokken. Samstundes veit me at flokkmentaliteten kan få oss til handsama folk verre enn me elles hadde gjort.
I målet vårt har me ein heil flokk med ord som viser til ei samling folk eller andre levande skapningar som held seg i lag, til dømes gjeng, hop, hurv, skare og skokk. Ja, og flokk, som òg vert nytta i tydinga ‘huslyd, familie’ («ikkje kunna brødfø flokken sin»). Ein kan vera ein flokk utan å vera mange: «To er par, men tre er flokk», vert det sagt. Orda biflokk og fiskeflokk er mindre vanlege enn bisverm og fiskestim, men dei er fine lell.
I ordbøkene står det gjerne at flokk (norr. flokkr) heng i hop med verba fly (‘rømma’) og flyga, og at grunntydinga truleg var ‘flygande sverm’. Eit anna framlegg er at flokk kjem av same rota som fly og flyga, men at det er tydinga ‘røra seg (snøgt), fara av stad’ som har lege til grunn, og at grunntydinga til flokk var ‘farande hop’.
Me kan fint nytta flokk om saker som ikkje er levande. I nynorsk er flokk avløysar til ord som gruppe og kategori («ulike flokkar av eventyr»). Flokk er òg nemning for eit norrønt skaldekvede utan stev, som er mindre gjævt enn det som vert kalla dråpe. Det er uvisst om flokk er i ætt med det lågtyske lånordet flokk (‘dott, fnugg’, jf. plantenamnet fjellflokk). Sistnemnde kan vera lånt frå latin floccus (‘fnugg, ulldott’), eit ord med uvisst opphav.
Me kan flokka oss saman eller flokkast ikring nokon. Seiemåten «flokka til» (‘strøyma til’) skal vera påverka av engelsk flock. Me kan fara flokkevis, i flokketal eller i flokk og fylgje, og det er fint når folk lyfter i flokk. Anten me høyrer til ein barneflokk, opprørsflokk eller veneflokk, gjeld det å byggja opp flokkimmunitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.