«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Teikning: May Linn Clement
Å kvessa blyanten er noko denne spaltisten driv mykje med, for alle stubbane vert kladda for hand. Den som brukar blyant, røyner jamt at det er sant som ordtaka seier: «Altfor kvass vert snarast ukvass.» «Altfor kvast vert alltid til last.» Den sylkvasse blyantspissen knekk lett, og so må ein radt fram med kvessaren att.
Når me brukar kvass om ein blyant, målber me at han er fælt tynn ytst i enden. Ei rad andre saker kan vera kvasse på den måten: Me har kvasse nåler, oddar og spikrar. Andre gonger brukar me kvass om reiskapar med skarp egg: ein kvass kniv, ei kvass øks. Mange har hatt både ei kvassøks og ei brotøks (òg kalla brytøks, brothogg). Sistnemnde er ei slø øks til hogging av slikt som lett skjemmer ei kvass egg.
Kvass (norr. hvass) er eit nedervt adjektiv som i tillegg til ‘spiss’ og ‘skarp’ har tydingar som ‘hard, strid; streng; gløgg, dugande; ofseleg, snøgg, brå’ (t.d. «køyra kvast»). Ordet skal vera runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera skarp, spiss’, og det heng mellom anna i hop med latin acus (‘nål’, jf. akupunktur ‘nålestikking’).
Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to. Det er tolleg vanleg å bruka forma hvass i dei biletlege tydingane ‘gløgg, dugande’ («eleven er hvass i regning», «være et strå hvassere», d.e. ‘hårfint betre’) og forma kvass elles («kniven er kvass»). Mange gjer det same når dei talar, utan at dei dimed har ei kvass tunge.
Me veit at det er vondt å koma borti det som er kvast: Det stikk og bit. Soleis er det med tale og augnelag òg. Det er ikkje noko moro når folk ser kvast på oss, er kvasse i målet, gjev eit kvast svar eller kvesser i. Då kan det kvessa seg til (endå meir). I slike tilkvesste situasjonar gjeld det å få inn kvasstenkte folk som kan gjera noko med dei kvasse motsetnadene.
Nokre løyner dei kvasse sidene sine under ei mild yte, ikkje ulikt eit visst husdyr: «Katten er mjuk, men klørne er kvasse.» Kvessing av klør driv visst folk med òg: «Partiet kvesser klørne føre valkampen.» Me kan jamvel kvessa øyro og kvessa mathugen. Men vinden kvesser på når han vil, og då hjelper det ikkje å vera ordkvass. Kan henda lindrar det litt å setja i ein kvass ein (‘setja i ein eid’).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.