Ord om språk

Ned i brådjupet

Publisert

Me kan syngja bråkjekt at «me skal koma, um inkje so braadt». Å røra seg og arbeida heller seint kan vera lurt, for «godt og brått fylgjest sjeldan åt». Eller med eit anna ordtak: «Det som brått er bygt, det står ikkje trygt.» Likevel hender det at me har brått om og lyt setja av garde i bråfart eller gjera unna eitkvart i ei bråvending. Å gjera radikale bråkast framfor bråsinna folk er vågeleg, men bråsinne kan trass alt vera betre enn langsinne.

Det kjem nok ikkje brått på nokon at brå er i ætt med verbet bråna (‘tina, smelta; mjukna’). Eller var eg for bråsikker no? Me plar ikkje nytta brå om varme, so samanhengen er ikkje opplagd. Men me veit at heite ord kan målbera snøggleik. Tenk berre på eit ord som brennkvikk.

Det er mogleg at brå kjem frå ei germansk rot som tyder ‘steikja, brenna, koka’, og at brå opphavleg tydde ‘brennande, kokande’. Me kan tenkja oss at ordet etter kvart har fått biletlege tydingar som ‘snøgg’, ‘utolmodig’ og ‘ilsken’, og so er det berre desse tydingane som har overlevt. Merk elles at brå er eit adjektiv som berre finst i nordiske mål. Substantivet brå (‘augnehår’), som me finn i plantenamnet balderbrå, høyrer ikkje til denne ætta. Men verbet brå (‘krevja skunding, hasta’) kjem av brå: «Det brår ikkje på» (‘det hastar ikkje’).

Dersom noko er snøgt og skundsamt eller kjem snøgt og uventa på oss, grip me gjerne til brå. Me kan ta ei brå avgjerd, gjera ei brå rørsle og verta brått sjuke (jf. bråsjuk, bråsott, brådaude). Brå er ofte med når me talar om snøgge stogg og vendingar: Me bråbremsar, bråstansar, bråvender, bråsnur og bråsvingar. I verste fall får me bråstopp i ein bråsving. Om me legg merke til noko ved fyrste augnekast, kan me nytta brå til å streka under just det: «Ho er brålik far sin.» «To bråvakre gutar.» Folk som er snøgt eller tidleg mogne, er bråmogne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement