Snikmyrda snok
Snika har snike seg unna denne spalta lenge nok no. Eller er det dei andre orda som har snike i køen?
Står du i ein lang kø, kan det kanskje freiste å snike.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Den som snokar i journalen til det sterke verbet snika, støyter snart på det linne snikja (el. snika), som har bøyinga snikjer – snikte – snikt. Kva er tilhøvet mellom dei to?
Me kan rekna det som to utgåver av same ordet. I norrønt og hjå Aasen finn me berre det sistnemnde (norr. sníkja ‘trå, hika etter noko’). I Norsk Ordbog har Aasen sett opp to tydingar til snikja: «snylte, snige sig frem for at faae noget» (t.d. «snikja etter godmaten») og «skaffe sig noget ved at snylte eller trygle» (t.d. «han snikte det åt seg»).
Bakgrunnen til snikja og det yngre syskenet snika – og avleiingar som snik og sniken – er uviss. Ein teori er at snik-orda er vortne til gjennom kryssing av snaka (‘leita, snusa etter; nappa’), som er nærskyldt snoka og snok (og eng. snake ‘slange’), og fiken (norr. fíkinn ‘huga, fus’).
Eit ordtak slår fast at «det kjem snakedag etter kakedag». Ja, når det finst godsaker i huset, veit matsnikane å melda seg. Ein stovesnik er ein ‘person som snikjer etter mat, held seg frampå for å få noko’ (frå Norsk Ordbok). Ein skåpsnik (el. skåpgris, skåpkatt) snokar etter godsaker i skåpa. Snikjegjest svarar til snyltegjest.
Målet vårt er fullt av slike nemningar for folk som held seg frampå for å få ein godbit. Til dømes gryteglanar, matfriar og matkrok. Men det er no ikkje berre mat folk trår etter.
I ei av dølevisene Edvard Storm skreiv på gudbrandsdalsmål tidleg i 1770-åra («Huldre-Qve»), som mellom andre Gåte har laga ein versjon av («Sjå attende»), finn me linene: «Mange, veit æg, paa dæg snika, / Lat mæg bli di Jænte!» Det er inga synd å snikja på (‘sikla etter’) nokon, men kvinnekjære sleipingar kan få merkelappen fittesnik klistra på seg («den fittesniken!»).
Det er som oftast det sterke snika me nyttar når me vil få fram at nokon listar, lurer og smyg seg til noko. Folk snik på bussen, snik seg inn på ein kinofilm med 18-årsgrense, snik til seg pengar og snik seg til ein pause. Når noko er løynt, eller folk har ein snikande mistanke om at noko vert lurt innpå dei, står snik- ofte fremst (t.d. snikinnføra, snikislamisera, snikskyttar). No vonar eg berre at det ikkje har snike seg inn nokon feil her.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.