Ord om språk
Stå på krava
Teikning: May Linn Clement
Folk kan vera krevjande på mange måtar. Å vera kravstor er berre éin av dei. Eit gamalt ordtak tyder på at det er greiare med dei som ikkje lever lenger: «Den som er daud, krev inkje braud.» Det læt hardt, men det krev si kvinne og sin mann å syta for mat til huslyden: «Det som året krev, er visst, og det som det gjev, er uvisst.»
Har matstrev noko med krav å gjera? Ja, me kan godt seia det so. Soga til krav og krevja er noko uklår, men orda heng truleg i hop med kraft, som mellom anna har tydt ‘makt’. Om ein er slik stilt at ein kan gjera krav på landområde, krevja inn skatt, krevja lydnad eller krevja hovudet til nokon på eit fat, skulle det vera mogleg å dela maten jamt òg. Når kravmentalitet og sjølvelsk råder, vert det ikkje slik.
Nokre «cravar» visse matvarer, andre «cravar» at folk nyttar norske ord i staden for å gripa til slikt som engelsk crave (‘trå etter’). Ein vanleg tanke er at tale- og skriftmålet krev mykje stell, om lag som ei plante. Framandt ordgods vert mestsom ugras, og då hjelper det ikkje at crave er nærskyldt krevja. Å prøva å styra ordbruken til andre folk er tid- og arbeidskrevjande og ikkje sjeldan fåfengt.
Nokre er i ein slik posisjon at dei kan stilla høge eller strenge krav og stilla oss til ansvar eller rekneskap. Å rekna opp dei ulike formene for krav er for plasskrevjande, men det er eit formkrav her å koma med døme, som arvekrav, erstatningskrav, gjeldskrav, minstekrav, opptakskrav og standardkrav. Og til det med ordval: Det kan gjerne verta eit folkekrav at den sjølvforklårande godbiten kravshavar (‘kreditor’) vert nytta oftare.
Stundom er det kroppen som kjem med krav. Det er ikkje berre det at han krev næring: Noko skal ut i andre enden, og krevja ter seg i ymse ordlag for ‘dotrong’. Ein kan seia at «naturen krev sitt» (jf. «naturen kallar»), at «no krev det meg», eller at «bikkja krev seg» (varslar at ho vil ut og gjera frå seg).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.