JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Stira seg blind

Blind har i dag hovudtydinga ‘som ikkje kan sjå’. Opphavleg tydde det noko anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Frank May / NTB

Foto: Frank May / NTB

2507
20240301
2507
20240301

«Han er blind som er boklaus», seier ordtaket. Tyder det at boklesing skjerper synet? Eller at det å eiga bøker førebyggjer ordblinde og talblinde, eller dysleksi og dyskalkuli, som det helst heiter no? Nei, om me skal tru Ivar Aasen i Norske Ordsprog, er meininga «at hvad man ikke har opskrevet, vil man let have glemt; saasom i Regnskabssager». Utan nedskriving vert det mykje famling i blinde.

Blind har i dag hovudtydinga ‘som ikkje kan sjå’. I alle dei germanske måla har ordet fått denne tydinga, men opphavleg tydde det noko anna. Blind heng truleg i hop med verbet blanda og vart nok fyrst nytta om væsker i tydinga ‘(opp)blanda’. Derifrå er vegen stutt til tydinga ‘uklår, mørk’, som sidan vart nytta om auga: ‘det uklåre, grumsete, som ikkje ser’. Blenda (frå tysk), blunda og blund høyrer òg til her.

Kva med ord som blindskjer og blindpassasjer? Dei tyder då ikkje at skjeret og passasjeren ikkje ser? Her er blind nytta i ei anna tyding som har greina seg ut frå ‘uklår, mørk’: ‘utydeleg, usynleg, løynd’. Den siste tida har mange hatt leie møte med glatte islag under snøen, gjerne kalla blindhålke, blindis, blindsvell og liknande.

«Gardsnamnet Blindern kan koma av namnet på ein 'blind' bekk.»

Gardsnamnet Blindern kan koma av namnet på ein «blind» bekk, men det er uvisst kva for tyding av blind som ligg til grunn. Nokre bekker og elvar har fått blind i namnet sitt fordi dei går i djupe far og soleis er godt løynde. Harald Bjorvand har peika på at Blindernbekken har mykje meir uklårt vatn enn Vindernbekken (når det regner), og at det dimed kan dreia seg om tydinga ‘grumsete’. Her skal me gjera det lettvint og lita blindt på det.

Attåt orda som viser til syn i bokstavleg meining (t.d. blindebukk, blindfødd, blindsone, fargeblind og snøblind), har me ei rad tilfelle av utvida og biletleg bruk av blind. Skarpsynte folk kan verta fartsblinde, klasseblinde og blinde for dei nære tinga. Det finst mange slags blinde flekker.

Dessutan målber blind at noko(n) ikkje gjer eller ser skilnad, eller at ei gjerning er grunnlaus, som i «lagnaden råkar blindt» og «blind vald». Vanleg er det òg å nytta blind om noko som ikkje fører fram eller vidare («enda blindt», blindspor, blindtarm). Korleis den tydinga dukka opp, er ikkje godt å seia. Men det er nok sant at «han er blindast som ikkje vil sjå».

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis