Ostepop

Det synte seg at sjølv i det heilt meiningslause var det noko å lære.

Jau då, ostepop kan vere runde. Men det er ikkje nødvendigvis nokon fordel.
Jau då, ostepop kan vere runde. Men det er ikkje nødvendigvis nokon fordel.
Publisert

Eg lo då eg såg posen på butikkhylla. Ja, eg gjorde faktisk det, eg lo høgt av posen med Cheez Snow Balls. Kvifor?

Jau, det var nok litt fordi det var januar og snøballane såg ut som ein altfor teit og alt for sein julegimmick, men årsakene var fleire. Cheez Snow Balls er ei form for ostepop, men der den ekstruderte – å ekstrudere er ei komplisert form for popping: deigen vert pressa gjennom ei dyse som gjev produktet form, og høgt trykk gjer at deigen «poppar» – og ostedekte maisdeigen er forma som bollar i staden for remser. Humoren låg likevel ikkje i forma, men i fargen: Å gjere den oransje osten cheddarkvit for å få han til å høve inn i ei snøballførestilling, er ikkje det om lag så dumt som det kan bli?

skråsikker kan ein verte. Dei orda skulle eg fort få bite i meg, og det skulle ikkje eingong vere fyrste gong cheddar snudde opp ned på noko i synet mitt på mat.

Fargestoff på plass

Cheddar er nemleg osten som verkeleg fekk meg til å skjøne at det kan vere farleg å vere for bastant: Ideen min om at tilsette fargestoff i ekte mat var bannlyst, fekk seg rett og slett eit slag for brystet av cheddarosten.

Eg visste at cheddar var oransje på farge. Det eg ikkje visste, var at den karakteristiske, men i osteverda spesielle oransje fargen ikkje kjem av verken yste- eller modningsprosessen. Han kjem av fargestoffet annatto – framstilt av frøa til annattobusken, som veks i Mellom- og Sør-Amerika.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement