Pizzatopping
På toppen av botnen legg vi det vi har til overs. Pluss litt til.
Pizza vart skapt som – og er framleis – den perfekte restematen, fordi alt vert betre med litt smelta, grilla ost på toppen.
Foto frå Wikimedia Commons
Det er mykje som tyder på at ganske så mange av oss er ganske så opptatte av pizza. Sjå berre på dei ulike formata den flate loffen med tomatsaus, topping og ost er å få kjøpt i: den heilt ferdige vi bestiller på telefon eller via internett og enten hentar sjølv eller får levert på døra, i kiosken på veg heim frå byen eller når vi spring frå eit møte til eit anna og ikkje rekk lunsj, og alle dei ulike restaurantane som serverer pizza ein et medan ein sit der. (Ein må vel nærast vere rawfoodrestaurant for ikkje å ha ein eller annan variant på menyen etter kvart?) Ein gjennomsnittleg by gjev oss både frukostpizza, brunchpizza, mellommåltidspizza, nattmatpizza og dessertpizza.
Men pizza er ikkje berre noko dei profesjonelle skal stå for, vi skal i aller høgaste grad lage han sjølv, og då skal vi gjerne kjøpe pizzasteinar og pizzaskjerarar og pizzaserveringsbrett og elektriske pizzasteikarar. Ja, sjølv i daglegvarebutikken er det noko for ein kvar smak: pizzagjær, pizzaost, pizzamjøl, ferdige pizzabotnar og pizzadressing, til dømes.
På Rema 1000 finst det jamvel ei eiga hylle i kjøledisken med namnet «Pasta og pizza». For ein tjuekroning kan ein her plukke opp porsjonspakkar med ulike toppingar: pepperoni, chorizo, spicy kjøttbollar, skinke, bacon og strimla peparbiff i små pakningar frå 80 til 130 gram – frå Remas eiga merkevare The Taste Lab.
Pizzakjøt
Grandiosa og Big One lever godt og lenge på «pizzakjøtet» sitt – ei blanding av 40 prosent storfekjøt, vatn, soyaprotein og stivelse som dei får til å sjå ut som skinke. The Taste Lab kan vel ikkje vere dårlegare? Nei, det er heile dobbelt så mykje kjøt i skinka til Rema som det er i pizzakjøtet til Stabburet. Det skulle òg berre mangle, sidan det dobbelte av 40 framleis berre vert 80, og det er det minste ein bør vente seg av eit produkt som eigentleg skal kome rett frå dyret.
Toppingboksen til The Taste Lab inneheld 80 gram skinkestrimlar – det gjev ein kilopris på 250 kroner. Men om vi reknar frå innhaldet som ikkje er kjøt, aukar han til 300. Då kan ein faktisk få heilt ålreit oppskoren spekeskinke til same prisen. Det einaste ein treng å gjere, er å flytte seg dei få stega frå pasta- og pizzahylla til i kjøthylla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.