Frå matfatet
«Pizzatrongen har gjort Noreg til det suverent mest pizzaetande landet i Europa.»
Julestemning: Pizzaen må med, også i desse dagane.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Hæ? Kva? Skal vi snakke om ferdigpizza no, elleve dagar før julaftan? Kva med peparkaker, lutefisk, riskrem og den fordømte ribbesvoren? Har ikkje denne såkalla matskribenten noko vettug å seie om desse matvarene no når tradisjonsmathøgtida over alle tradisjonsmathøgtider nærmar seg?
Vel, no har det seg slik at også pizza er i ferd med å verte ein del av julematen. For sjølv om påstanden som vi stadig får høyre – at massevis av folk et Grandiosa til julemiddag julaftan – har synt seg å ikkje stemme heilt, seier bransjen sjølv at dei berre ser ein dupp i den norske ferdigpizzamarknaden: I ein artikkel i avisa Dagligvarehandelen kunne eg nyleg lese at pizzabransjen berre opererer med éin lågsesong, og det er somrar med godt vêr. Då klarar tydelegvis grillsesongen å konkurrere ut noko av pizzasesongen. Elles i året er det konstant pizzasesong – juleferien inkludert.
Denne heilårige pizzatrongen har gjort Noreg til det suverent mest pizzaetande landet i Europa. Ja, sjølv italienarane klarar ikkje putte i seg så mykje pizza som vi: 5,5 kilo i snitt per person per år, ifylgje Dagligvarehandelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.