Ord om språk
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Teikning: May Linn Clement
Me kjem å høyra mykje om vippestatar i USA framover, men vipping i politikken har me visseleg her heime òg. Nokre parti trivst med å vera på vippen eller i vippeposisjon. Då kan dei få mykje å seia endå dei er småe, fordi dei vert tunga på vektskåla (jf. vippeparti, vipperøyst, vippestyre). Det er nok ikkje so nøye då om dei vert kalla spirrevipp av dei store.
Sistelekken vipp i spirrevipp kan vera eit ljodord, men det kan òg henga i hop med verbet vippa. Når det gjeld vippa, gjev ordbøkene oss to teoriar om opphavet. Den eine er at vippa opphavleg var eit ljodord, den andre er at vippa er runne av den same rota som latin vibrare (‘rista, svinga; skjelva, dirra’), jamfør lånord som vibrera, vibrasjon, vibrato og vibrator.
Her skal me ikkje ta endeleg stilling i den saka: Etymologien skal få verta liggjande og vippa. Men at vippa og vibrera har nokre sams drag, er likevel opplagt. Båe plar visa til heller småe rørsler som vert tekne opp att. Det er ein viss likskap mellom eit vippete bord og ein vibrerande gitarstreng.
Men endå orda gjev oss nokre av dei same vibbane, er skilnaden tydeleg. Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering. Når me sit og vippar på stolen eller vippar med foten og ser vippestjerten vippa med stjerten, er det ikkje tale om dirring.
Og ei vippebru er til alt hell ikkje ei bru som står og vibrerer, men ei bru der halvdelane kan vippast opp. Vippetangen i Oslo skal ha fått namnet sitt frå eit vippefyr som stod der i gamal tid. På slike fyr hekk lykta (ofte ei bålkorg) i enden på ei lang stong, og lykta kunne soleis verta vippa ned, kveikt og vippa opp att.
Dessutan kan vipping vera éi stor og snøgg rørsle. Bilen kan vippa rundt i svingen, og me kan vippa nokon over ende. Det kan vera beint fram moro å vippa nokon av pinnen. Sameleis å vippa ballen over målvakta og i mål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.