Frå matfatet
Sennep
Så mange ulike frø – ikkje eitt av dei treng kunstig aroma.
Sennep på pølsa: Som salt i grauten, vil mange hevde.
Foto: Pxhere.com
Trudde du at du visste kva sennep var, fordi du visste at det kom frå eit frø? Då er eg redd du må tru om att.
For ja, det finst sennepsfrø, og når vi på ulike måtar mosar desse og blandar dei med ulike ingrediensar som eddik, vin og gurkemeie, kan vi få sennep.
Men det finst ikkje éi plante som gjev oss sennepsfrø. Det finst ikkje eingong éin type planter som gjev oss sennepsfrøa, nei, frøa vi brukar for å lage sennep, kjem frå ei rekke ulike planter som heilt overordna berre har det til felles at dei høyrer til korsblomefamilien.
Det er plantefamilien som husar så ulike artar som salat, kål, raps og reddik – og altså ulike sennepsgjevande planter. Vanlegast er kvitsennep, men vi har òg svartsennep, sennepskål og salatsennep – sistnemnde truleg betre kjend som ruccola. Frøa frå ugraset åkersennep kan derimot ikkje brukast til sennepsproduksjon.
Ei verd av sennep
Uansett: Ein plukkar frøa, mosar eller kvernar dei, blandar med vatn og smakstilsetjingar, og så har ein sennep. Sennep kan vere skikkeleg sterk, men aldri på same måte som chili: Chiliplanter vert sterke av eit oljestoff som heiter capsaicin, og som sender den sterke smaken nedover i halsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.