Frå matfatet
Sjokoladepålegg
Mindre sukker treng ikkje innebere mindre energi.
Når det ser godt ut, er det fordi det er godt, men er det sunt? Det vert ei anna sak.
Foto: Pxhere.com
Det er ikkje noko rart at det smakar godt med sjokoladepålegg på skiva. At Nugatti som inneheld mykje sukker, mykje feitt og nok hasselnøtter og kakao, smakar godt på varm, nysteikt loff, er heilt naturleg: Denne retten gjev nemleg smakslaukane dine noko salt, noko søtt, noko feitt, noko mjukt og noko sprøtt, og det er vel tilnærma alt dei kan ynskje seg i livet.
Så vil naturlegvis ikkje det seie at du bør gje smakslaukane dine akkurat det dei ynskjer seg til kvar tid. For attom smakslaukane sit det til dømes eit hjarte- og karsystem som ikkje set pris på for mykje energi samstundes.
Kanskje er det difor vi har fått Nugatti i sukkerreduserte og sukkerfrie variantar: Vi har vanleg Nugatti, originalen frå 1969, som det framleis vert selt kring 7 millionar boksar av kvart år i Noreg. Så har vi Nugatti Max, som inneheld 40 prosent mindre sukker enn originalen, og vi har Nugatti Zero, heilt utan tilsett sukker.
Om lag her er det likevel noko som byrjar å verte litt rart. For éin ting er at original Nugatti inneheld 526 kaloriar per 100 gram – noko anna kan ein gjerne ikkje vente seg når fyrste ingrediens på innhaldslista er sukker og neste er solsikkeolje.
Men då burde ein gjerne forvente at Nugatti Max, som inneheld 40 prosent mindre sukker, burde ha monaleg lågare kaloriinnhald? For ikkje å snakke om Nugatti Zero? Slik er det likevel ikkje. Nugatti Max oppgjev 500 kaloriar per hundre gram, og Nugatti Zero ligg faktisk litt høgare – 504 gram. Kvifor det, skal tru?
Ingrediensane
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.