Frå matfatet
Smørbutten min får du nok aldri
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja. Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia CommonsFoto via Wikimedia Commons
«Det er ikke tvil om at myk plantemargarin er sunnere enn smør», sa divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Linda Granlund til Nettavisen førre veke.
Bakgrunnen for utsegna var at Helsedirektoratet sleppte kosthaldsundersøkinga Norkost 4, som synte at medan margarinforbruket i Noreg har gått kraftig ned dei siste 30 åra, har inntaket av meierismør halde seg stabilt. Forfattarane meiner dette er ei av årsakene til at det norske snittinntaket av metta feitt framleis ligg på 13 prosent av energiinntaket vårt – 3 prosentpoeng over tilrådd mengde.
Dette – altså tala som syner at vi har gått frå å ete kring 13 kilo margarin i året i 1990 til kring 8 kilo i 2020 – er det ingen tvil om. Det er heller ingen grunn til å tvile på at Ola og Kari Nordmann et ein 3–4 kilo meierismør kvar i året.
Påstanden til Granlund, derimot, kan det vere verdt å sette eitt og anna spørsmålsteikn ved. For er det verkeleg ingen tvil å spore kring kva som er sunnast av smør og margarin?
For å få ei open, gild og kanskje til og med objektiv vurdering byrjar eg med å stille spørsmålet til vår tids orakel: ChatGPT, så klart.
Som vanleg er orakelet temmeleg rundt i dei ordrike formuleringane sine. Det konkluderer likevel med at: «Hvilket valg som er sunnest, avhenger altså av hvilken type smør eller margarin du velger, og hvordan de passer inn i din totale kostholdsstrategi.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.