Frå matfatet I Siri Helle

Solbærsyltetøy

Bæret er bra, innpakninga er skikkeleg dårleg. 

Sol og sommar: Lengtar du no? Det gjer du rett i, men smaken kan sparast til vintertida.
Publisert Sist oppdatert

Det er noko spanande med solbær. Kanskje er det kombinasjonen av det mørke, nattliknande og nærast overnaturleg glatte og plettfrie ytret i kombinasjon med ein smak som nærast meir enn noko anna smakar av lysande sol og sommar.

Bør ikkje solbærsyltetøy finnast i alle heimar, no i vintermørket? Eg meiner, solbær veks nærast av seg sjølv i Noreg, det einaste buskene krev, er at nokon plukkar dei når dei heng tunge av bær, bær som forresten er sunnare enn det meste av supermat, fullt som det er av både tarmsmørjande fiber og energigjevande antioksidantar.

Likevel et vi ikkje særleg mykje solbærsyltetøy, verkar det som. Både Nora og Lerum har rett nok ein variant av solbærsyltetøy i produksjonsrekkene sine – varianten til begge to er «heimelaga» – men ingen av desse er tilgjengelege i den Rema 1000-butikken eg vitjar denne januardagen.

Lite mat, stor pris

Det er solbærsyltetøy å få kjøpt, likevel – i ostehylla. I EMV-serien «En verden av oster» finn eg eit bitte lite glas med solbærsyltetøy – dei 85 gramma glaset inneheld, får plass i ei fire–fem matskeier – til ein ikkje like liten pris: Om glaset ikkje kostar meir enn 32 kroner, gjer storleiken at det svarar til ein kilopris på 375 kroner.

Om dette glaset skal kome i nærleiken av å vere verdt prisen, må det i det minste innehalde eit syltetøy av ekstraordinært høg kvalitet. Det gjer det på ingen måte. Snarare tvert om: Den fyrste ingrediensen på innhaldslista er sukker, noko som er krondømet på eit syltetøy av låg kvalitet. Nærare halve glaset – 48 prosent – er faktisk sukker. Berre 35 prosent er solbær. Alt er attpåtil frakta inn frå Danmark.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement