Ord om språk

Stinn brakke

«Nokre matvarer gjer oss meir pruppstinne enn andre.»

Publisert

Den som er stinn av gryn, kan eta seg mett og stinn kvar dag utan å tenkja på dei høge matprisane. Rett nok er det stundom meir vondt enn godt å vera stinn i magen, men å vera stinnstappa er i alle høve betre enn å svelta. Me veit òg at meltingsorgana vert påverka av det me har i oss. Nokre matvarer gjer oss meir pruppstinne enn andre.

No har me sett nokre døme på stinn i tydingane ‘overmett, utspent, heilt full’. Minst like vanleg er det å nytta stinn til å målbera at noko er eller står tett: «Lufta var stinn av røyk.» «Skodda stod stinn.» Når det er jamt tjukt overskya, kan folk finna på å seia at «det er jamstint (eller samstint)». Men korleis ser ein ut når ein er stinn i andletet? Eller når hendene er stinne av frost?

Her tyder stinn ‘stiv’. Både Ivar Aasen og andre ordboksredaktørar har sett den tydinga fremst i artikkelen om stinn. I ordtaka er stinn gjerne nytta i tydinga ‘stiv, vanskeleg å bøya’, og stundom kjem det i fylgje med det rimande motstykket linn (‘mjuk, veik’): «For lint er låkt, for stint er verre.» Stinnfjør er eit gamalt ord for ‘fjør med spenn i’. Andre saker med spennkraft kan òg vera stinne: «Det var ein stinn ljå.»

Kva for ei stinn-tyding som er den opphavlege, er ikkje godt å seia. Norrønt stinnr har tydingar som ‘stiv, stram; sterk; gild, dryg’. Eit spjut som er laga af stinnasta stáli, er sterkt. Ei stinn veizla er eit framifrå gjestebod. I Våre arveord (2019) les me at stinn er ei etymologisk nøtt, men at ordet kan koma av ei rot som tyder ‘spenna, strekkja, stramma’, som òg har gjeve oss tenja (‘strekkja ut, spila’) og tynn.

Ein grautstinn snøeling er ein snøeling som er grauten eller stinn som graut. Når me talar om retteleg graut og seier at han er stinn, er meininga at grauten er tjukk eller fast. Stinnmjølk er eit anna ord for ‘tjukkmjølk’. Og enno er det stint av stinn-tydingar som ikkje er nemnde her. Til dømes ‘rein, klår’: «Det er stinne lygna!» «Det er berre stinne armoda med dei.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement