Frå sjakkverda

«Studenten tok den kvite dronninga, som var slegen ut, og sette ho inn på brettet.»

Teksten er inspirert av personar eg har møtt, og hendingar eg har høyrt om.
Teksten er inspirert av personar eg har møtt, og hendingar eg har høyrt om.
Publisert

Studenten (2)

Studenten kunne ikkje akseptera at han i den fyrste turneringa si, der han hadde betalt ein hundrelapp for å vinna ein større pengepremie, hadde bukka dronninga mot ein svaksynt, gamal mann. Han ville gjera trekket om att, men domaren stod på sitt. Studenten tok den kvite dronninga, som var slegen ut, og sette ho inn på brettet. Domaren fjerna dronninga. Studenten sette ho på ny inn på feltet d1. Domaren konfiskerte dronninga, putta ho i lomma og gjekk mot utgangen.

Studenten følgde etter: «Dette er eit ran! Gjev meg dronninga mi eller pengane attende!» Fleire av dei 59 andre spelarane i det tronge lokalet hadde fått nok: «Hysj!»

Domaren snudde seg mot studenten: «Om du bråkar meir no, vert du kasta ut!» «Hysj!» kom det igjen frå spelarar i djup konsentrasjon over bretta.

Studenten studerte ei deltakarliste som var hengd opp på ei tavle, og roa seg litt ned. Han kunne framleis vinna C-gruppa om han berre vann resten av partia.

Neste runde var laurdag morgon. Studenten, med null i rating og null poeng, hadde no svart på sistebord. Det var eigenleg ikkje plass til dette ekstrabordet, som til vanleg stod ved inngangen. Sjakkbrettet og klokka tok heile plassen på det vesle bordet. Bordkorta med namn på spelarane måtte skyvast under brettet. Det same gjaldt noteringsskjemaet. Det var berre plass til å skriva ned det neste trekket i skjemaet som stakk ut på bordkanten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement