Frå sjakkverda
Studenten
Klokka hadde passert 18, og det var på tide å setja opp fyrste runde, då ein ung mann kom springande inn i lokalet.
Hjelpebrett for blinde.
Den røynde arrangøren og sjakkdomaren var særs nøgd med oppmøtet fredag kveld. Lokalet var fullt av sjakkentusiastar i alle aldrar. Hadde han nok bord og utstyr til alle? Han tok imot startavgifta, ein hundrelapp frå kvar, og talde 59 namn på blokka. Klokka hadde passert 18, og det var på tide å setja opp fyrste runde, då ein ung mann på rundt 25 år, kan henda ein student som ganske nyleg hadde bytt ut pensum med sjakkbøker, kom springande inn i lokalet. Det var ein høglydt entré, og folk såg opp frå treningspartia.
«Eg skal spela! Kva er pengepremiane i gruppe C?», sa den ukjende inntrengjaren og rekte fram ein hundrings. «Du er sein», sa arrangøren. «Og er du medlem?» «Eg skal melda meg inn, men eg slår allereie datamaskinen på nivå 2. Kjenner du boka 1000 mattoppgåver?» «Nei», sa arrangøren, «men du skal få vera med så vi får partal.»
Trekninga vart gjord, men arrangøren rynka på nasa då han såg kven studenten skulle møta. Studenten vart i det fyrste seriøse partiet sitt plassert på eit spesialbord mot ein røynd spelar som var høgt premiert i turneringar for blinde og svaksynte. Den eldre mannen hadde med sitt eige brikkesett, slik at han kunne kjenna seg fram til stillinga. Motstandaren måtte utføra trekka for båe spelarane på eit vanleg brett, og kommunisera sine eigne trekk i notasjon: «Laupar frå c1 til f4.»
Studenten forsikra domaren om at han ikkje ville ha noko problem med notasjonen, og at han gjekk for ein snøgg siger. Det byrja ganske bra. Litt nøling var det, men trekka vart formidla korrekt, og domaren pusta letta ut. Den gamle flytta både kvite og svarte brikker på det vesle hjelpebrettet.
Ein halvtime uti partiet slengde studenten nonsjalant ut trekket Dd1-h5. Han trykte nøgd på klokka og freista orientera seg i koordinatsystemet slik at han kunne formidla dronningtrekket høgt. Men før han fekk sagt noko, kom det frå motstandaren: «Da5xDh5». «Kva seier du?», spurde studenten perpleks. «Dronninga mi på a5 tek dronninga di på h5», svara mannen. «Men eg har ikkje sagt trekket mitt enno», sa studenten altfor høgt. «Du spela dronninga til h5 og trykte på klokka», svara mannen bryskt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.