Ord om språk

Talerøyr for røyrsongaren

Utan røyr vert det berre rot, skriv Kristin Fridtun i denne vekas «Ord om språk».
  

Ord om språk
Publisert

Utan røyr vert det berre rot. Sant å seia kan det verta rot med røyr òg, dersom dei er tette eller vert nytta på innfult vis, som når ein skyt erter eller giftpiler på folk med eit blåserøyr. Å leggja elvar og fossar i røyr er heller ikkje uproblematisk, men slike prosjekt rekk ein gjerne å drøfta fyrst. Ein har mindre tid på seg når folk set noko i luftrøyret.

Røyr (bokmål rør) har dei norrøne formene reyrr og reyr. Det grammatiske kjønnet ymsa noko i norrønt, og i nynorsk kan me velja om ordet skal vera hokjønn eller inkjekjønn. Opphavet er uvisst. Eit framlegg går ut på at røyr kjem av same rota som rauv (norr. rauf ‘hol, rift, opning’). Fiskenamnet med formene røye og røyr må ikkje blandast inn her: Det heng saman med raud.

Røyr tek oss til planteriket, for i dei gamle kjeldene tyder ordet ‘vass- og sumpplante med lang og hol stengel, siv’. I ei strofe i Håvamål (96) seier Odin at han «sat i røyr» (í reyri sat). Kva meiner han med det? Granskarar og omsetjarar flest har tolka det som at han gøymde seg i sivet. Det verkar rimeleg, men noko fullvisst svar får me ikkje.

Ei rad vokstrar eller delar av vokstrar har røyr i namnet, som bambusrøyr, strandrøyr, sukkerrøyr og takrøyr (òg kalla vassrøyr). Røyrgras vert nytta om ulike vokstrar. Mest illgjete er spanskrøyret. Spanskrøyr kan tyda ‘stengel av palme av slekta Calamus’, som ofte vart innført frå Spania. Men jamnast viser det til ‘spanskrøyr nytta til å slå med; bank gjeven med spanskrøyr’ («få/gjeva spanskrøyr»).

Røyrsongaren hekkar helst i takrøyr. I hegrefamilien finn me fuglen med det råkande namnet røyrdrum. Han går i eitt med takrøyret, og når han lagar låten sin, er det mestsom nokon blæs i ei diger tomflaske («drum»). Medan me talar om blåsing: Panfløyta har stundom vore kalla røyrfløyte.

Inni og ikring oss er det andre sylinderforma kanalar som heiter noko med røyr. Me har luftrøyr, matrøyr og urinrøyr, og me kan drikka brus med sugerøyr medan me kosar oss med røyrsopp og klappar eit omnsrøyr i skinet frå eit ljosstoffrøyr. Røyrleggjarar driv meir med avlaupsrøyr enn eksosrøyr, høyrerøyr, prøverøyr og røyrpost. Å leggja eller slengja på røyret er ikkje like lett som før, men me seier framleis at me «legg på», endå me berre trykkjer på ein knapp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement