Ord om språk

Tapt bak ei vogn

Publisert

Me skal ikkje forstyrra vognføraren eller medpassasjerar i stillevogna, og det er heller ikkje god folkeskikk å stikka hovudet inn i ei framand barnevogn og uroa ungen som ligg der. Kan henda er reglane annleis for dokkevogner, men det er alltid lurt å spørja eigaren av vogna om lov fyrst. Me har i det heile mange vogner ikring oss: Dei rullar på vegar, skjener, golv og i terrenget.

Mange tek motorvogna til butikken og fyller handlevogna med varer som er vortne sende med vogntog eller togvogner som høver for slikt (jf. godsvogn). I ferien dreg nokre på tur med campingvogn eller husvogn. Andre må sitja i ei stridsvogn (jf. beltevogn, panservogn) og kan berre drøyma om late dagar på fine strender der folk sel godsaker frå vogn.

Forma vogn er dansk. På norrønt heitte det vagn, slik det framleis gjer på svensk og islandsk (færøysk har både vagnur og vognur). Vogn (jamnast uttala vågn) var likevel so vanleg at Aasen tok forma inn i landsmålet. Han høyrde rett nok at forma vagn framleis var i bruk, men då som namn på Karlsvogna, og det var gjerne bøygt som hankjønnsord (folk sa Vagnen og jamvel Vangen).

Vogn kjem frå ei germansk rot som tydde ‘røra på, fara’. Ho har gjeve oss eit vognlass med ord, som veg, vega, vagga, vogge, våg (‘smalt sjøstykke; verk, puss’, eig. ‘væske i rørsle’), våg (‘vektstong; vekteining’) og lånorda bevega, vakla, vekt og viktig. Vogn hadde nok glansdagane sine då køyring med hest og vogn var det vanlege.

Dei velhaldne kunne velja om dei ville køyra i open eller lukka vogn. Andre arbeidde hjå ein vognmann. Og folk ramla av. I samlinga med munnhell attarst i Norske Ordsprog av Aasen finn me vendinga «han er som han var fallen att-av ei vogn». Då er han «forvirret, forlegen», får me vita. Den som «ikkje er tapt bak ei vogn», derimot, veit råd. Men ein kan like fullt kjenna seg som femte hjulet på vogna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement