Tomatbønner
Ikkje heilt det det gjev seg ut for, men godt likevel.
Synest du frukosten på norske hotell er overdådig? Syntest du haugane bratwursttyskarar, fellesferierande familiefedrar og blåhåra amerikanarar legg på tallerkane sine, er noko å skrive heim om? I så fall har du aldri ete frukost på eit truck stop i England. Sidan trailersjåførane ikkje har særleg døgnrytme å snakke om, får dei servert frukostmeny heile døgnet. Og det er altså ikkje snakk om småtteri.
Kaffikoppane kunne tilfredsstilt Store Vennlige Kjempe. Tallerkane strekker seg mot diameteren på trailerdekka, og serveringsbakkane breier seg utover som parkeringsplassane utanfor. Du skal ha nokre sjåførår på baken før du klarer å få fatet til å likne noko anna enn Danmark. Dei fleste her har det; både skotske høgland og walisiske haugar er å sjå i korte augneblinkar før både toppar og dalar forsvinn ned i svoltne sjåførmagar. Dette er english breakfast der han høyrer heime, slik han høyrer heime: speilegg, bacon, steikte eller friterte poteter, pølser, steikt sopp, toast – og sjølvsagt tomatbønner.
Bønner for samvitet
Fyller tomatbønnene rolla som salatsubstitutt og samvitskjøpar? Det kan godt vere. Medan somme meiner tomatbønner er ei nyvinning som kom inn i den engelske frukosten med knappheita under verdskrigane, hevdar likevel dei fleste (inkludert The English Breakfast Society) at baked beans har sin plass i ein god fry up.
For bønnene er om lag det einaste på tallerken som verken er stekt, fritert eller – trass det engelske namnet – bakt. Namnet heng att frå gamle dagar, då det berre var to måltid å få for dei aller fleste, og ingen tenkte over kva som passa å ete til frukost og ikkje. Då grov ein bål ned i bakken og sette ei gryte med bønner og kva ein no elles hadde ned i gropa, før ein grov att og lét restvarmen fullføre jobben. Resultatet vart bakte bønner i saus – då som no, sjølv om smaken nok er noko annleis.
Heller ikkje på norsk svarer innhaldet i hermetikkboksen heilt til namnet på utsida. Det er ikkje mange tomatar att i ein gjennomsnittleg tomatbønneboks – høgst ein god klatt tomatpuré. I tillegg er det lett å kjenne på smaken at det er ein god dæsj skjult sukker i boksen. Men kan det vere at dei positive effektane vinn over dei negative?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.