Ord om språk

Tråbukk i tråvêr

Publisert Sist oppdatert

Russen og mange andre kan stadfesta at dersom ein sit og trådrikk (stordrikk) ein kveld, er det stor fare for at arbeidet går trått dagen etter. Å koma seg or senga kan vera trått nok, særleg om ein dregst med trålæte (‘det å vera trå; latskap, mothug’) frå før. Men tråskap treng ikkje vera strevsamt og gale. Seige folk kjem ofte langt: «Den vinn som trå er, og taper som brå er.»

Trå er eit adjektiv som svingar seg i nordisk, men det har ikkje same stillinga i alle måla. Dersom me slår opp i ymse ordbøker for bokmål og nynorsk, ser me at artiklane om trå i nynorskordbøkene jamt over er meir omfattande enn i bokmålsordbøkene. Grunnen er ikkje at nynorske ordboksredaktørar er tråe etter (huga på) trå, men at ordet lenge har vore nytta meir i norske målføre og vestnordisk i det heile enn i den danske tradisjonen bokmål byggjer på.

Å trågå nokon er å gå iherdig ut mot og vera påtrengjande mot nokon. Men same kor trågjengde målgranskarane har vore, har dei ikkje funne noko fullvisst svar på kvar trå kjem frå. Eit framlegg er at det kjem frå ei indoeuropeisk rot som tyder ‘riva’. Tydingsskiftet til adjektivet kan då ha gått frå ‘rivande’ til ‘hard, ofseleg, iherdig, urikkande’ og so bortetter. Kan henda høyrer verba truga og tretta til same ætta.

Hankjønnsordet tråe (‘uthald, trott; langvarig uforandra tilstand’) høyrer tvillaust i hop med trå. Stoda er meir uviss for verba trå (‘ha hug på, lengta etter’) og trøya (‘få tida til å gå; underhalda, mora, trivast’) og substantiva trå og attrå (‘lengt, lyst’). Attrå har i alle høve gjort mang ein friar fælt so tråsøken (‘pågåande; plagsam’). Det er uvisst om trå (‘harsk’) og tråna (‘harskna’) høyrer til her.

Det er tungt å gå på ski på trått føre og prøva å sova i same rom som ein trågråten unge. I mange samansetjingar målber tung og trå det same: Tråbeden, tråmjølka og trånæm svarar til tungbeden, tungmjølka og tungnæm. I ordlag som «trå mage» svarar trå til treg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement