Ord om språk
Tyta på sitt
Alexander Kristoff tørkar sveitte under oppvarminga til Tour de France. Ein kan òg seie «sveitten tytte på panna».
Foto: Heiko Junge / NTB
Førre veka vart me betre kjende med adjektivet trå, og me såg at det står sterkare i målføra og nynorsken enn i bokmål. Det same kan me seia om tyta. Slår me opp tyte i Bokmålsordboka, får me opp eit verb med tydingane ‘stikka, pipla, siga (ut)’. Kva med tydingane ‘ula, kvina; gnåla; kakla; summa’, som i «han gjekk og taut heile dagen»?
Lat det vera sagt at ordbøker ofte berre nemner dei vanlegaste tydingane til eit ord, og at ord visseleg kan nyttast i andre tydingar enn dei som er nemnde der. Bokmålsfolk kan fint skriva at «vinden tøt om nova», jamvel om slik bruk av tyta ikkje står i Bokmålsordboka.
Stoda er likevel at mange nyttar tyta (‘kvina; gnåla’ osb.) når dei pratar, men ikkje når dei skriv (bokmål). Og kva er i grunnen tilhøvet mellom tyta (‘pipla ut, stikka fram’, jf. «tyta fram gjennom sprekkane») og tyta (‘kvina, gnåla’, «tyta om el. på noko»)? Er det same ordet?
Ordbøkene gjev ulike svar. Her er med andre ord ei viss usemje. Me held oss til Våre arveord (2019), som seier at tyta i ulike tydingar i utgangspunktet er eitt ord: det nedervde, sterke verbet tyta (eldre nynorsk tjota). Ordet er truleg ljodhermande, til liks med svensk tjata, som har mykje den same klangen og tydinga (‘gnåla, masa’), utan at orda er i slekt.
I norrøne kjelder er tyta nytta i tydingar som ‘dura, brusa, låta; hyla; blåsa (i horn)’. I ei tekst på mellomnorsk frå om lag 1475 er dette sterke verbet nytta om å ‘siga (ut)’. Eit liknande tydingsskifte har pipla vore gjennom: Det heng i hop med pipa og har tydt ‘(små)pipa; risla med pipande ljod’, men vert no mest nytta om å ‘siga (i små mengder), bryta fram’.
I målføra og nynorsk har tyta ofte svak bøying når det er nytta om å siga eller bryta fram, men sterk når det er tale om ljod. Då får me ordlag som «kva er det du tyt etter?» og «fossane taut», men «kleda tyter ut or skåpet» og «sveitten tytte på panna». Men verbet kan vera sterkt her òg: «Kleda tyt …» «Sveitten taut …»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.