Ord om språk

Usedvanleg fjellvand

Publisert

«Gamal vane er vond å venda» er mellom dei vanlegaste ordtaka våre. «Vanen vil gjerne veksa (seg fast)» er mindre kjent, men likevel råkande. For me kan fint ha inngrodde vanar. Å leggja av seg slike vanar er ikkje gjort i ei handvending. Vanedyra slit kan henda meir med avvenjinga enn andre?

Til vanleg kjem den ordhistoriske bolken her, og vanebunden som eg er, vert det slik denne gongen òg. Orda venja, vane, vanleg, van og vand (eig. perfektum partisipp av venja) er runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘elska, trå etter’. Substantivet ven har same opphavet. Nokre har gissa at grunntydinga til venja er ‘få til å elska, lika’. Det er ikkje støtt me likar det me har vant oss til, men vanen kan visseleg hjelpa oss med å halda ut krevjande arbeid og leie tilhøve: «Vanen gjer det tunge tolleg.»

Når ein er komen i vane med noko, seier me gjerne at ein er van eller vand til (el. med) noko. Dei to orda vert ofte nytta om einannan. Du kan vera verdsvan eller verdsvand, båtvan eller båtvand, heimevan og heimevand. Skal tru om «pandemiborna» er vortne folkevane eller folkevande no? Aasen skriv i Norsk Ordbog at van er «et tydeligere Ord» enn vand, sidan sistnemnde kan verta ihopblanda med vand (‘vanskeleg; nøyen, fin på det’). Som oftast skjønar me nok kva som er meint, men når eit ord som husvand står heilt åleine, veit me ikkje om det tyder ‘husvarm’ eller ‘kravstor når det gjeld bustad’.

Alle som har gjort noko av gamal vane, veit at det mestsom går av seg sjølv: «Vanen er som ein annan natur.» Difor gjeld det å ha gode vanar (t.d. matvanar, levevanar, kjøpevanar). Tilvenjinga kan ta litt tid, men når dei gode vanane er innarbeidde, kan me seia kjekt: «Det er ei vanesak.» Jamvel om vanen ofte er hjelpsam, bør me stundom gjera noko utanom det vanlege. Kven vil vera ein vanetenkjar som støtt sit på sin vande plass og held seg strengt til gamal sedvane?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement