Vanilje

Ekte vanilje kostar no meir enn sølv, men ingen veit kvifor.

Publisert

Ekte vanilje har aldri vore billeg. Kvifor ikkje, skjønar vi når vi høyrer kva som ligg bakom den aromatiske orkidebelgen:

Vaniljestang er belgen i blomen til orkideen Vanilla planifolia. Kvar orkideblome må pollinerast for å utvikle frøbelgen som til sist vert vaniljestanga vår. Sjølv om det finst insekt som kan pollinere vaniljeorkideen, er sjansen for at det skjer og vert vellukka, berre 1 prosent. Dette kan ikkje produsentane leve med, og konsekvensen er at kvar einaste pollinering vert utført av ei menneskehand.

Haustinga er like arbeidskrevjande. Frøbelgane modnar ulikt og må plukkast individuelt. Etter haustinga vert belgen «drepen»: enten ved høge eller låge temperaturar vert veksten stoppa. Då byrjar enzymatiske prosessar – starten på ei velaromatisert vaniljestong.

Belgane skal vidare «sveitte»: Ved å pakke frøbelgane varmt og fuktig i sju til ti dagar set ein i gang hydrolyse og oksidering som vidare utviklar smak og lukt. Så vert belgane tørka ned til 25–30 prosent av opphavleg vekt, aller helst i eit miljø av vekslande sol og skugge i tre til fire veker. Til sist skal smakane utvikle seg på lager i fem–seks månader.

Før bobla brest

Inga enkel sak, med andre ord. Det same kan ein for tida seie om heile vaniljemarknaden, som i stor grad spelar seg ut på Madagaskar. Øya står for 80 prosent av vaniljeproduksjonen i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement