Våren er grøn

Saman går me ut i hagen og bort til magnoliaen, eg strekkjer handa ut mot ein knopp og rører han forsiktig.

Publisert

Torstein og eg pleidde å besøkje kvarandre då me gjekk på vidaregåande. Det byrjar å bli ei stund sidan.

– Våren er grøn, seier eg.

– Dagane blir lysare og lengre heilt til det ikkje er mogleg for dei å bli lengre og lysare. Eg synest du berre skal bli verande, no som våren er rett rundt hjørnet.

– Eg vil ikkje vere til bry, seier Torstein.

Men etter å ha tenkt seg litt om, tek han imot tilbodet, og eg viser han inn på gjesterommet, finn eit handkle og legg det på senga. Eg hentar ei leselampe og sjekkar at det er lys i ho. Eg ryddar plass slik at han får si eiga hylle i kjøleskapet, men seier at det berre er å forsyne seg av alt.

Han gjer lite ut av seg. I lange periodar merkar eg mest ikkje at me bur i same huset.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement