Bladmann med blikk for bøker

SKJEMA. Konrad Nerheim dreiv Norsk skjemaforlag og var styremedlem i både Varde Forlag og Norsk Bokreidings­lag.
SKJEMA. Konrad Nerheim dreiv Norsk skjemaforlag og var styremedlem i både Varde Forlag og Norsk Bokreidings­lag.
Publisert Sist oppdatert

Varde Forlag i Bergen blei skipa i fredsglede hausten 1945. Den største suksessen var forteljinga om motstandsmannen som baud okkupasjonsmakta inn til ein komedie på liv og død.

Saman med kona Inger dreiv Konrad Nerheim handelsskule, først i Molde, så i Bergen. Den tyske okkupa­sjonen sende han straks inn i farleg arbeid. Saman med andre gav han ut fleire illegale blad i store opplag. Dette motstandsarbeidet skildra han i Komedie med Gestapo. I muntert alvor fortalde han korleis han i tre år lurte politi og lege ved å spele mentalt sjuk, og litt om livet som flyktning i Sverige frå april 1944 til juni 1945.

Det var ein røynd publisist og organisator som etablerte forlaget. Agnar Skeidsvoll (1900–63) frå Tresfjord i Romsdal var bankmann i 4 år og pressemann i 31 år. Skeidsvoll var journalist i Gula Tidend 1922–28, redaktør i Firda Folkeblad i Florø 1928–34 og redaktør i Gula Tidend frå 1934 til styret og han stoppa avisa 10. april 1940.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement