Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival. 

Foto: Heidi Furre

2830
20241025
2830
20241025

Dikt

Endre Ruset:

Stjålet venn

Flamme Forlag

At sorg og tap er gjenstand for dikt, er nokså vanleg, sidan diktet kallar på det fråverande. Sorga er også omdreiingspunkt i Endre Rusets nyaste diktbok, Stjålet venn. Når sjølvmordet til venen skjedde for ti år sidan, reknar ein kan hende med at den verste sorga har lagt seg. Men i desse dikta riv tapet framleis: «Jeg er en forsinka sørgende/ etter at sorgen er gått ut på dato».

Diktboka peikar attende til Elsket og savnet frå 2014, men også diktboka om Utøya, Deretter (2021), skriven i samarbeid med Harry Man, der terroråtaket og sorga etter det er i søkjelyset.

Sørgjedikta i Stjålet venn er kjenneteikna av at dei ber på medvitet om at det fråverande aldri vert nærverande att, og slik spør eit dikt: «hvor blir du av/ tjuvmelker du kosmos/ overlever du?» I fortvilinga kan «du forvandles til en bikkje». Ein ser at objekta for sorga samstundes vert skotne ut i det endelause himmelrommet og haldne fast nede på den avgrensa jorda, blant bikkjene, altså som eit jaga vesen utan fast bustad, som aldri kjem til ro.

Det mest varige og produktive med dikta synest å vere dei poetiske paradoksa og bileta. Det er desse bileta det lyriske eget sit att med i denne fasen av sorga, som blir kalla «den andre bølgen/ uten bølger». Ja, her er det som om linene talar om ei sorg utan sorg, noko som kanskje er umogleg å førestille seg, innhaldslaus og tom som ho må vere, jamvel om den språklege utsegna likevel lagar bilete, i det minste vibrerer det i eit negativt bilete. Ihugkominga og minnearbeidet vert også truga: «drikker opp vannet/ i glemselens elv/ etterlater havbunnen tom».

Å halde fast minna som noko stabilt verkar nyttelaust, då stivnar dei og blir kraftlause. Ved at dei stadig blir haldne mot det tomme, det ikkje-verande, i eit språkleg forlaup som nektar eksistensen deira, er det som dei framleis eig poetisk kraft.

Fleire av dikta i boka er skrivne til andre høve og innarbeidde i samanhengen i boka. Det fungerer godt, mellom anna fordi det finst fleire samanbindande motiv. Nokre dikt har ei enkel oppbygging, boren fram av ein god idé, slik som diktet i den andre avdelinga. Det finst også enkeltsekvensar, slik som lista over hestar, reelle og tenkte, i diktet «Fra et stoppested på den transmongolske jernbanen», der den lyse ideen kan hende blir i overkant uttværa, men samstundes bidreg til den nemnde kompositoriske variasjonen.

Artig er det at det som kan oppfattast som opningsdiktet, «(avskjed under en statue fra Påskeøya)», står heilt til slutt. Og så finst det bilete her, konkrete og fulle av tvitydig kraft, som gjer at ein ikkje så lett kjem seg laus frå diktet ein har framføre seg.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis