JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gina Cornelia Pedersen er aktuell med romanen Jeg skal hente deg (Cappelen Damm).

Foto: Lina Hindrum

3694
20240315
3694
20240315

Roman

Gine Cornelia Pedersen:

Jeg skal hente deg

Cappelen Damm

Kvervlar i medvitsstraumen

Gine Cornelia Pedersen skriv hektisk og medrivande om sterke kjensler.

Verda gjekk ikkje under i 2012, men du skal berre sjå at det var nære på. I den intense romanen Jeg skal hente deg av Gine Cornelia Pedersen (vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris med romanen Null i 2013) er undergangen just det året eit absolutt trugsmål, ikkje kollektivt for verda, men for hovudpersonen, som interessant nok heiter Gine, noko som anten tyder på at hendingane i boka er ein del av biografien til forfattaren, eller at ho er ein luring som har funne ein smart måte å gjera forteljinga autentisk på. Men sjølv utan dette grepet hadde eg trudd på boka, for framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.

«Den ujamne høgremargen kler stilen, som verkar ekte, direkte og evig aktuell.»

Kvernande tankar

Gine har reist på ein tur til Los Angeles for å møta ei venninne og kanskje slumpa til å sjå ein kjendis eller to, oppteken som ho alltid har vore av skapande folk, og særleg dei vidgjetne mellom desse. Heime i Oslo er kjærasten Harald, ein mangslungen fyr, ein slags norsk mestis eller blanding av Moss og Sunnmøre, presteson, småkjeltring, ofte rusa og med mørke minne om ei nærgåande barnevakt. Når det ser ut som om Harald ringjer henne, er det ein annan, Rikard, som har nytta telefonen hans for å fortelja at Harald har fordufta.

Det meste av boka vidare handlar om, eller rett og slett er, dei kvernande tankane til Gine på den lange reisa heim for å leita etter den bortkomne kjærasten. Og som dei kan kverna, dei tankane! Her er lange periodar som svingar hit og dit med komma som hyppige rundingsbøyer i ein regatta i stiv kuling, eller nesten endelause slalåmferder over stokk og stein, men utan hekt i portane, der minne om det intense samlivet med Harald skifter med observasjonar av det samtidige, saumlaust og virtuost turnert av ein forfattar som veit kva ho gjer.

Samansett karakter

Portrettet av Harald er interessant, han er ein samansett karakter ein ikkje vert klok på. Under siste etappe av heimreisa frå Los Angeles, ein søvnlaus, men aldri søvndyssande odyssé, sit Gine på ein buss ved sida av ei sørlandsjente som ho, Gine, trur heiter anten Gro eller Gry. På den turen vert mykje av tankane til Gine ein monolog, der Gro/Gry spør ho om kva ho elskar ved Harald. Og det kan sanneleg ofte vera noko kvar og ein kan grunda på, både når det gjeld eigne kjensler og andre sine. Best er det kan hende om ein aldri finn heilt ut av det. Det syner seg forresten at Gro/Gry eigentleg heiter noko på B. Då vil eg tru at det ikkje er Bry, så grei som ho er under den lange bussturen. Men kva med Bro?

Den sterke og heseblesande relasjonen mellom Gine og Harald vert spegla perfekt av den intense stilen, som stundom minner om dei mest hektiske og intense scenene i filmen Blindsone, ikkje minst når Gine, etter 60–70 timar utan blund på augo, oppsøkjer politiet og ikkje klarar å smitta dei med affekten sin. Då har Harald vore vekke i fire dagar, men Gine får beskjed om å komma att neste morgon.

Gine og mange andre som har kjent Harald, startar ein eigen leiteekspedisjon, lokalisert til Årvoll, og for å halda på spenninga skal eg ikkje her røpa korleis det går med søket etter den bortkomne. Derimot vil eg slå fast at Gine Cornelia Pedersen har skrive ein fin roman der den ujamne høgremargen kler stilen, som verkar ekte, direkte og evig aktuell, krinsande kring sentrale spørsmål i livet, og om døden.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis