Hauge-dagbøkene
18. juli 1962: Brokut og mangfaldig er livet på brui. Ei livsens bru, kan me segja.
Teikning: May Linn Clement
Ivo Andric: Broen over Drina. Nobelpris-bok. Og ei stor bok er det. Denne brui han fortel um, vart bygd yver Drina i 1520-åri, av ein serbar som hadde tent seg upp til vesir i det tyrkiske riket. Og ei vakker og god bru var det. Ho stend til fyrste verdskrigen.
Me fær glimt og utgreidingar, sogor, segner og historiske fakta um ein annan frå byen ved brui fram gjenom tidene. Det er umogeleg å kalla boki ein roman, endå boki er vel nærast det, ho er eit epos um brui yver Drina, denne brui som meir og meir vert eit symbol på menneskeverk som samstundes er både vakre og nyttige, som verk er som er skapte på Guds ord.
Brokut og mangfaldig er livet på brui. Ei livsens bru, kan me segja. Og mange underlege lagnader fær me sjå. Mange voner logar upp og sloknar med elvi renn og brui spenner sine bogar yver det brusande vatnet.
Uppgjerd og sluttord ved lesnaden av Broen over Drina: «Dei fleste vil vel koma til det når dei ein gong skal gjera upp rekneskapen, at dei har rekna gale og brukt for stutt mælestav.» Slik tenkjer kjøpmannen Pavle der han sit og ventar som gissel. Han har berre hatt tankar for eitt: å tena pengar. Brui har aldri svive han, so langt gjekk ikkje hans tankar.
Men kjøpmannen Alikhozja har alle dagar elska brui, og synest det er ille ho vert sprengd sund. Me lever i ei meiningslaus tid, synest han.
«Alt kan skje, men eitt kan ikkje skje: dei store og edle menneski som på Guds bod reiser uforgjengelege byggverk for at jordi skal verta vakrare og folk leva sorglause og betre, kan ikkje kverva heilt og for alltid. Skulde dei verta burte, vilde det segja at Guds kjærleik var slokna og burte frå jordi. Men det kan ikkje skje.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ivo Andric: Broen over Drina. Nobelpris-bok. Og ei stor bok er det. Denne brui han fortel um, vart bygd yver Drina i 1520-åri, av ein serbar som hadde tent seg upp til vesir i det tyrkiske riket. Og ei vakker og god bru var det. Ho stend til fyrste verdskrigen.
Me fær glimt og utgreidingar, sogor, segner og historiske fakta um ein annan frå byen ved brui fram gjenom tidene. Det er umogeleg å kalla boki ein roman, endå boki er vel nærast det, ho er eit epos um brui yver Drina, denne brui som meir og meir vert eit symbol på menneskeverk som samstundes er både vakre og nyttige, som verk er som er skapte på Guds ord.
Brokut og mangfaldig er livet på brui. Ei livsens bru, kan me segja. Og mange underlege lagnader fær me sjå. Mange voner logar upp og sloknar med elvi renn og brui spenner sine bogar yver det brusande vatnet.
Uppgjerd og sluttord ved lesnaden av Broen over Drina: «Dei fleste vil vel koma til det når dei ein gong skal gjera upp rekneskapen, at dei har rekna gale og brukt for stutt mælestav.» Slik tenkjer kjøpmannen Pavle der han sit og ventar som gissel. Han har berre hatt tankar for eitt: å tena pengar. Brui har aldri svive han, so langt gjekk ikkje hans tankar.
Men kjøpmannen Alikhozja har alle dagar elska brui, og synest det er ille ho vert sprengd sund. Me lever i ei meiningslaus tid, synest han.
«Alt kan skje, men eitt kan ikkje skje: dei store og edle menneski som på Guds bod reiser uforgjengelege byggverk for at jordi skal verta vakrare og folk leva sorglause og betre, kan ikkje kverva heilt og for alltid. Skulde dei verta burte, vilde det segja at Guds kjærleik var slokna og burte frå jordi. Men det kan ikkje skje.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.