Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Dikt
Ingvild Lothe:
Barnet er som skåret ut av tung silke
Kolon forlag
Ingvild Lothes debutbok Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt (2016) kom i heile fem opplag. Det er sjeldan noko slikt skjer, men kanskje trefte nett desse dikta livskjensla til fleire. Romanen Havfruehjerte frå 2019 var sterkt influert av uttrykksmåtane i poesien.
Barnet er som skåret ut av tung silke er Lothes andre diktbok. Stilen er attkjenneleg lothesk, kontant, ærleg og rå. Sjølv om tematikkane handlar om dei såkalla nære tinga, der barnet, omsorga og moderskapet er viktige omdreiingspunkt, kan ein spore motsetnadane som strøymer gjennom forfattarskapen til Lothe også i desse dikta: mellom draumen og idealiteten på eine sida, og realitetane og det trivielle på den andre.
«Ingvild Lothes dikt er prega av høg poetisk energi.»
Hos Lothe kolliderer dette, og dikta fangar inn augeblikka der det støyter saman og krakelerer. Effekten er at ein kjenner at det lyriske eget står fram nakent, og at språket kjennest ærleg. Og slik kan linene vippe mellom omsorg og brutalt maktperspektiv: «små føtter ligger og hviler i håndflaten min // de kan ennå ikke gå / fra meg».
I staden for å skrive om andre og lidingane deira skriv det lyriske eget «heller om solen/ slik jeg kjenner den». Lothe skriv altså ein type vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse – sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Dikta er vende mot jorda og det jordiske. Det lyriske eget freistar avgrense verda og ramme inn livet: Hagen, men også ein økologisk impuls, er eit gjennomgåande motiv i boka. Alt i eit av dei første dikta høyrer ein at «rundt hagen bygger jeg et gjerde/ for å holde barna på plass». Vidare høyrer ein om korleis hagen vert dyrka opp med tulipanlauk, fikentre og diverse grønsaker, men «potetene råtnet bort/ i det evige sommerregnet», og brunsniglane er aktive, «alt det resterende gikk til dem».
Den ideelle miniatyrverda, med hagen, barna og dei nære tinga, slår altså ofte sprekkar og vert overskriden, for etter dei har ete sashimi til middag, «bruker jeg/ mine siste kroner/ på å kjøpe aksjer/ i SalMar og Lerøy/ skal de først ødelegge/ mine barndoms sjøer/ skal jeg ha min del».
Ingvild Lothes dikt er prega av høg poetisk energi, av samanstøytar og levde motsetnadar. Av ironi, humor og alvor. Det er ikkje berre ein avansert, velformulert poesi me her snakkar om, for viss ein kjem dit, hender det at poeten med eitt dreg oss ut or biletsamanhengen i diktet. Men dei kan også bygge opp bilete, motsetnadsfylte, vibrerande, uhyggelege: «et barberblad// ligger på bunnen/ av døpefonten// og kan forandre liv/ hvis det brukes riktig».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.