Bok
Klassekamp i Tornedalen
Mikael Niemi løftar det lokale inn i det universelle.
Mikael Niemi er aktuell med boka Stein i Silke.
Foto: Anette Karlsen / NTB
I Ådalen nær Sollefteå i Midt-Sverige blei fem arbeidarar drepne av militære 14. mai 1931. Ein fredeleg demonstrasjonsmarsj enda på verst mogleg vis, og bakgrunnen for tragedien var ein langvarig arbeidskonflikt der lønnsnedslag og organisert streikebryteri sette sinna i kok.
Lenger nord, i Pajala i Tornedalen på grensa til Finland, var det også alvorlege arbeidskonfliktar på 1930-talet. Det er ein slik arbeidskonflikt Mikael Niemi bruker som omdreiingspunkt for den vidfemnande Stein i silke, på svensk i fjor, på norsk i år. I området er det stor naud og fattigdom, og både kyrkja (det er Læstadius-land) og velfødde bønder har eit fast grep om både det åndelege og det materielle. Kontraktsarbeid er det vanlege, og den som byr minst, får jobben. Det er splitt og hersk, sett i system.
Slektssaga
Etter kvart får husmenn og lausarbeidarar nok. Dei organiserer seg og går til streik, motparten hentar inn streikebrytarar, og dette splittar familiar slik at bror står mot bror, far står mot son, hustru mot ektemake. Niemi eksemplifiserer dette gjennom familien Vanhakoski, den fattige husmannen Eino og den velståande broren Wilhelm, som har overtatt farsgarden utan å kjøpe ut Eino. Dette Kain og Abel-motivet trekker også teksten mot ein religiøs dimensjon, utan å overskygge den arbeidskonflikten som ligg i botnen.
Det er Einos familie som står sentralt, kona Saara og barna Algot, Martha og Lasse, men etter kvart blir det heile utvida til ein slektssaga som dekker hundre år frå 1920-talet og fram til 2017, da det blir funne beinrestar etter eit menneske i ei myr ved Pajala. Einos familie er spreidd for alle vindar, men eitt eller anna trekker Einos barnebarn David og oldebarnet Siw nordover til Tornedalen og dei røtene som finst att etter mange oppbrot. Dei synske evnene til Siw leier også fram til ei forklaring på beinrestane i myra.
Nakkegrep på lesaren
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.