JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

3091
20240712
3091
20240712

Dikt

Erling Indreeide:

Det er naturleg å vere menneske

Forlaget Oktober

I møte med Erling Indreeides bok stussar kanskje lesaren over sjangeren, for prosa, essay, reise- og minnebok og dikt verkar røysa saman her. Men når ein les boka, fordunstar spørsmålet gradvis fordi ein undervegs må gi seg over til ei poetisk form og ei poetisk tenking som grip lesaren med rytmisk kraft og pust, som rører tankane og får lesarkroppen til å sitre. Det er vent og forunderleg, og ein kjenner seg nokre hakk klokare.

På eitt nivå grip tekstane til Indreeide fatt i store filosofiske spørsmål knytte til tid, identitet, røynd, samfunn, samvære, fellesskap, minne, historie.

Men desse sakene er heile tida førte inn i og festa i det menneskelege, i det enkle og kvardagslege – men likevel utan å forenkle eller, for den saks skuld, forvanske.

Dynamiske forhold

Forfattaren verkar djupast sett oppteken av å famne dei dynamiske forholda mellom naturen, tinga og mennesket: «Tinga er vikande, dei vik/ for kvarandre. Dei smuldrar/ i møte med kvarandre./ Kvarandre rår». Kvarandre er eit gjensidig pronomen, brukt når ein skal uttrykke forholdet mellom to eller fleire personar.

Utgangspunktet, og det som varer ved gjennom heile boka, er at bokas eg-person er på vegen til Geiranger. Å vere på denne vegen er og kan vere så mangt, det utløyser ei rad av tankar, minne, setningar, spor, refleksjonar og avstikkarar forma i diktnedslag eller strøymande prosa, ein prosa som nærmast forgreinar seg i alle moglege retningar: «Eg er utan mål, eg er i mål, eg står ikkje i mål, eg går i mål, eg går og går i mål. Eg berre går her, eg er framkomen, eg er den attkjende, og det er eg som går her og kjenner meg att, og vi veit alle at å snu og gå tilbake er, i ein annan forstand, å gå vidare.»

Fleire sjikt, lag og leie

Det fine med tekstane til Indreeide er at samstundes som han skildrar konkrete minne, som gjerne går att og blir utbroderte i fleire tekstar, freistar han å fange kva minne er og kan vere, og kva plass det har og kan ha i menneskelivet. I tekstane er det alltid vekslingar mellom fleire motiv, sjikt og lag og leie, som forfattaren pendlar att og fram mellom.

Så var det dette med sjanger, då. Indreeides bok har to undertitlar: «Vegen til Geiranger» og «Funderingar og ferdaminne». Sjølv om også Ferdaminne av Aasmund Olavsson Vinje er ein slags sjangerhybrid, så vel eg heller å tenkje på sjangrane i boka til Indreeide i analogi til teksten der han skriv om forholdet mellom brødskive og toast: «For berre ei lita stund sidan fanst det ikkje eit einaste gram toast her, og kvar vart det av brødskiva? Sanneleg ei imponerande skapingsakt og eit like imponerande forsvinningsnummer.»

Dette er ei bok det er enkelt å anbefale. Mellom anna fordi ho ryddar plass til menneskeerfaringa og erfaringa av det menneskelege, der alt i verda står fram både som noko for seg sjølv og noko for kvarandre.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

Terner og måsar er to underfamilier av den store måsefamilien, men skil seg vesentleg frå kvarandre i utforming, flukt og levestil. Terner har ei kløft i halen og spisse vengjer.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Makrellterna over vatnet

Gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis